AUF-toppar vil ha partireglar mot PR-politikarar
Ungdomspolitikarane meiner tette band mellom politikk og lobby svekker tilliten til dei politiske partia og ber Ap sette ein stoppar for dobbeltroller.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er farleg for rørsla vår, for partiet vårt, at folk har slike dobbeltroller, seier leiar i AUF i Trondheim Gjermund Gorset til Adresseavisen.
Gorset meiner tette band mellom politikk og lobby svekker tilliten til dei politiske partia og meiner moderpartiet må vere ekstra forsiktige.
First House-rådgjevar fryktar yrkesforbod
Førre veke var First House-rådgivaren Jorid J. Nordmelan vararepresentant på Stortinget i fire dagar i Ap-kollega Ingvild Kjerkols fråvær.
Leiaren i AUF i Trondheim og leiar i AUF i Trøndelag, Håkon Einarsve, reagerte begge på dette. Dei meiner det oppstår ei usikkerheit om kven ho eigentleg representerer.
Gorset og Einarsve vil at Ap skal innføre vedtekter som seier at personar som tar høge partiverv eller lèt seg bli folkevalde, ikkje bør jobbe i PR- og lobbybransjen.
Jorid Nordmelan seier til avisa at Gorset og Einarsve står fritt «til å foreslå å begrense demokrati så mye de vil, men at de bør tenke nøye gjennom hvordan et slik regelverk vil slå ut». Ho seier at dette «i praksis også betyr yrkesforbud for advokater og advokatfullmektiger». Nordmelan har offentleggjort kundelista si.
PR-oppgjer
Trygve Slagsvold Vedum uttalte tidlegare i år at det er uaktuelt å hente folk frå PR-bransjen til ei regjering der eit Senterparti under hans leiing er med. Han meiner bransjen bidrar til å skape ein «profesjonalisert meningsindustri».
Også Raudt-leiar Bjørnar Moxnes har uttrykt at tette band mellom bransjen og politikarar er problematisk.