Listhaug-ekspert: Sylvi ville vore Sana i Skam

Martin Årseth
Publisert
Oppdatert 19.12.2017 09:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no er så heldige at me kan avsløre sanninga om den omstridde Frp-politikaren Sylvi Listhaug. Me har møtt forfattaren av boka med den audmjuke tittelen «Kors på halsen – Sannheten om Sylvi Listhaug», Mathias Fischer (24). Han jobbar til vanleg som kommentator i Bergens Tidende, og er andre vara til Stortinget for Hordaland Venstre.

– Kva er sanninga om Sylvi Listhaug? 

– Ho er ei bygdejente som drog til byen og har fascinerande bygdesider ved seg, og som tilpassar seg byen. Då ho var eldrebyråd i Oslo vart ho eingong spurt om kva ho sakna i Oslo. Då svara ho skyskraparar og Starbucks. Ho er ei gamal bygdekone kombinert med ein tøff hovudstadspolitikar.

Sylvi Listhaug (39) er innvandrings- og integreringsminister for Frp. Ho kjem frå Ørskog på Sunnmøre og har mellom anna vore byråd i Oslo og rådgjevar i First House. Foto: Justis- og beredskapsdepartementet

– Har du møtt henne nokon gong?

– Eg har såvidt møtt henne éin gong. Det var ganske kleint eigentleg. Det var på nominasjonsmøtet i Møre og Romsdal Framstegsparti, og eg hadde nett hatt ein hyggjeleg samtale med mannen hennar. Og så gjekk eg rett på henne på gangen, og introduserte meg. «Hei, det er eg som held på med boka om deg.» Ho sa berre at ho hadde sagt ho ikkje ville bidra, og gjekk.

– Kvifor skriv ho ikkje nynorsk? I Ørskog, der ho kjem frå, skriv 98,3 prosent av skuleelevane nynorsk!

– Eg har spurt fleire om det, men eg har ikkje funne ut av det.

– Kvifor skreiv du ikkje boka på nynorsk?

– Når eg har skrive ned lange sitat frå Sylvi Listhaug, har eg irritert meg over at dei ikkje er på nynorsk. Ho snakkar nynorsknært, og eg trur ein ville kome nærare inn på henne på nynorsk.

– Landbruksminister og andrekandidat i Møre og Romsdal, Jon Georg Dale (Frp), sa i talen på Aasentunet då han opna Dei nynorske festspela, at han som veljar synest det er vanskelegare å ta seriøst personar som byter ut språket sitt. Og han er jo veljar i Møre og Romsdal, der Sylvi Listhaug er toppkandidat.

– Men det er få som knotar meir enn han! Både når han skriv og når han snakkar. Det er ikkje bra. Det gjeld andre òg, som Sveinung Rotevatn og Knut Arild Hareide. Dei må skjerpa seg og kan ikkje opphalda seg i hovudstaden for lenge.

Espen, Espen, Espe

– Kvifor skreiv du ikkje bok om Bård Hoksrud i staden for?

– Eg intervjua jo han då eg arbeidde med boka. Men er han så interessant, då? Utover at han er veldig koseleg?

– Han har jo jobba seg oppover. Starta i butikk, vart assisterande butikksjef og så butikksjef. Han starta i kommunestyret, så vart han leiar i ungdomspartiet, og rådgjevar i partiet, før han kom på Stortinget. Og så har kome heilt inn til regjeringa, og var statssekretær, men gjekk tilbake til Stortinget fordi han treivst betre der.

– Jo. Kanskje det kan vere mitt neste prosjekt.

– Mannen heiter Espen Espe(n)seth og rådgjevaren Espen Teigen. Kvifor er det så mange Espen-ar i livet hennar?

– Eg veit ikkje. Det er ikkje eit farskompleks, for han heiter noko anna. Eg har jo studert bygdebøker frå Ørskog, men eg kan ikkje hugse å ha sett nokon spesielle som heiter Espen der.

Listhaug sjølv har ikkje ville bidra til boka, og Fischer har berre møtt henne éin gong. Foto: Runar B. Mæland

– Dette er det styggaste eg har sett

– Ho er mykje mindre rett frå levra enn det folk trur om henne. Om du samanliknar talar ho heldt i 2009 og i 2017, seier ho mykje det same. Ho er veldig kontrollert.

– Har du nokre artige anekdotar om Listhaug?

– Ho var lærar eitt år, då ho var nyutdanna frå Høgskulen i Volda og i byrjinga av 20-åra. Då hadde ho med signerte kort med Carl I. Hagen og Siv Jensen som ho gav til elevane. Eg snakka med rektoren, og han kan ikkje hugsa det. Men han seier at om det skjedde, så er det ikkje greitt.

– Og då ho var eldrebyråd i Oslo skulle ho opne ein sjukeheim. Då kasta ho eit blikk til kommunaldirektøren og sa «dette er det styggaste eg har sett». Det var innreidd moderne, og ikkje koseleg og gamaldags.

– Kva ville du snakka om du sat fast i heisen med Listhaug og måtte leggje ut ein direktevideo på Facebook?

– Då ville eg spurt henne om det med nynorsk, for det er eg oppriktig nysgjerrig på. Og så ville eg snakka med henne om det å vere ein ung person som er oppteken av gamle verdiar og gamle folk. Verdidebatten som går er veldig polariserande, men eg kunne tenkt meg å forstå henne betre.

Ung kvinne i mannsdominert miljø

– Trur du ho er gøyal på fest?

– Ifølgje folk som kjente henne i Fpu er ho keisam. Drikk ikkje mykje, og ho var i konflikt med Jøran Kallmyr då ho kom inn i ungdomspolitikken. Ho var på sida til mellom andre Bård Hoksrud og Trond Birkedal, som ikkje var like opptekne av fest som sida til Jøran Kallmyr.

– Ho hadde faktisk ein veldig opprivande konflikt med Jøran Kallmyr om leiarvervet i Møre og Romsdal Fpu, der han vann. Konflikten handla om verdisyn, og det var nok ikkje enkelt å vere ei ung, konservativ kvinne i eit mannsdominert miljø. Dei vart ikkje vener att før ho vart byråd i Oslo, og fekk Kallmyr som byrådssekretær. Der jobba dei tett saman i fleire år, og han vart statssekretær for henne då ho vart statsråd.

– Om det vert film av boka di, kven skulle spelt Listhaug?

– Tja, kva for norske skodespelarar finst det, då? Synnøve Macody Lund, kanskje. Ho er frå Stord, og har vestlandsbakgrunn til å forstå rolla. Det er mange parallellar mellom samfunna i Stord og Ørskog.

Medan Bård Hoksrud er ein politikar som har bygd seg opp, har Sylvi Listhaug fått mykje hjelp. Foto: Runar B. Mæland

 – Kven er Sylvi Listhaug i Skam?

– Eg må ta atterhald om at eg ikkje har sett siste sesongen enno. Men om han ikkje endrar veldig mykje, så er Listhaug Sana. Dei er begge no bullshit og konservative.

– Eg synest det er morosamt at ho har vore gift før, med ungdomskjærasten som er ein bygdekar. Og så gjekk ho til ein dresskledd mann frå Vestfold.

Blitt hjelpt fram

– Kven er dei beste venene hennar?

– Då ho var eldrebyråd i Oslo vart ho veldig nær kommunaldirektøren. Han var faktisk forlovaren i bryllaupet hennar, det er ganske spesielt. Ho har sjølvsagt nære vener, og familien. Men ho er ein ganske lukka person.

– Korleis kom ho til toppen?

– Ho har ikkje bygd nettverk, men blitt hjelpt fram. Spesielt av Carl I. Hagen, han tek i alle fall æra for det sjølv, men òg andre, som Per Arne Olsen. Ho vart byråd utan erfaring frå lokalpolitikken, fordi Hagen ringte og sa at ho skulle verta byråd. Ho har ikkje teke Bård Hoksrud-vegen.

– Bør ikkje folk utrette meir og leve litt lenger før dei får ein biografi?

– Den skikkelege biografien får nokon andre skrive seinare. Ho er blant dei mektigaste personane i Noreg, og kan bli endå mektigare. Livet hennar er ei spanande historie, og ho dominerer den politiske debatten. Då meiner eg det er viktig å forstå personen betre.