Greta Thunberg får Amnesty-pris
Klimaaktivisten Greta Thunberg og protestrørsla til skuleelevane er tildelt Amnestys samvitspris for kampen for menneskerettar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Prisen heiter på engelsk «Ambassador of Conscience» og blir delt ut éin gong i året.
Fredag kunngjorde Amnesty International at den svenske tenåringen Greta Thunberg og protestrørsla til skuleelevane er tildelt prisen for å ha stått opp for menneskerettane.
Menneskerettar + klimakrise
Den svenske 16-åringen synest det er ei stor ære å få prisen.
– Menneskerettane og klimakrisa går hand i hand. Vi kan ikkje løyse det eine utan å løyse det andre, seier Thunberg i pressemeldinga frå Amnesty International.
Prisvinnaren delte også denne Facebook-videoen, der ho løftar fram skuestreikande born verda over:
Ung og modig leiar
I tildelinga blir det vist til prisvinnaranes «unike leiarskap og mot».
Skuleelevar over heile verda starta protestrørsla etter at Thunberg sette seg ned framfor den svenske nasjonalforsamlinga kvar fredag i staden for å gå på skulen for å få merksemd om den manglande innsatsen til politikarane for å få klimaendringane under kontroll.
– Dette er ikkje prisen min, det er alle sin pris. Det er fantastisk å sjå heideren vi får og vite at vi kjempar for noko som betyr noko, seier Thunberg.
Det er ikkje sett nokon dato for prisutdelinga enno.
- Les også: Game of Thrones-skodespelar hyllar Greta Thunberg
-
Britiske Bella Ramsey (16) som har vorte verdskjent for si tolking av rollefiguren Lyanna Mormont i «Game of Thrones» støttar Greta Thunberg sin skulestreik for klimaet. Foto: HBO