Glade prisvinnarar: – Nynorsk eit sjølvsagt val 

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Irene Stana driv frisørkjeda Floke, som saman med Balanzera er kåra til Årets nynorskbrukar 2019. Kjeda har salongar i både Oslo, Bergen, Førde, Jølster, Molde, Odda, Stavanger, Strandebarm, Voss og på Åsane. Foto: Jarl Martin Garder, NFVB

– I starten vart eg utfordra på at det var bondsk å skrive nynorsk og at eg ikkje burde gjere det fordi det ikkje kom til å bli god business, seier Irene Stana, grunnleggar og eigar av frisørkjeda Floke.

Då tildelinga vart kjent tidlegare i år fortalde gründeren at ho ville bruka prispengane til å utvikla tekstar til den nye grøne produktserien LYNG.

Nynorskfantast frå Voss

I grunngivinga for valet av Årets nynorskbrukar heiter det: «Frisørkjedene syner at nynorsk kan bli brukt som marknadsføringsspråk både i og utanfor dei nynorske kjerneområda».

Med salongar i både Voss, Kviteseid, Bergen, Førde, Jølster, Molde, Odda, Stavanger, Strandebarm, Åsane og Oslo, når frisørkjedene breitt ut med valet av målform.

Den første Floke-salongen vart etablert på Voss i 2008. I dag har kjeden ti avdelingar i bygd og by. Dei har brukt nynorsk som målform frå første dag, noko som er ein naturleg del av identiteten til Stana. Samtidig synest ho det er viktig å synleggjere målforma.

– For ein nynorskfantast som meg, så er det kjempeviktig å spreie målforma til nye plassar. Vi har eit språk som stadig blir utfordra på om det skal få lov å leve vidare. Da er det viktig for meg å få folk som ikkje bruker nynorsk, til å akseptere det og også synast at det er litt kult, seier ho.

Artig at vinnaren er ei næring

I Kviteseid i Telemark finn vi den andre prisvinnaren, Trude Lundevall og den nynorskskrivande frisørkjeda Balanzera.

Den første salongen opna ho i Oslo i 2008, men salongen i Kviteseid opna i desember.

Dei to prisvinnarane har både yrke, ein miljøvenleg profil og val av målform felles.

– Eg hadde ikkje forventa prisen i det heile tatt og vart veldig overraska. Det er veldig artig at dei har valt ei næring og ikkje ein kulturaktør som ofte tidlegare. Så eg vart veldig smigra, seier Lundevall.

Ekte, truverdig og urnorsk

For henne, som for Stana, er identitet grunnleggande når ho vel nynorsk.

– Det er ei forlenging av meg, føler eg. Når eg snakkar og skriv nynorsk for bedrifta mi, så kjennest det mykje meir som meg enn om eg hadde skrive på bokmål.

Etter kvart har Lundevall også oppdaga at nynorsk kan hjelpe henne å skilje seg litt ut.

– Alt som kan gjere ein litt spesiell, er bra. Eg føler dessutan at bodskapet kjem fram på ein meir truverdig måte når eg skriv nynorsk. Eg har ein tryggleik i målforma, og det er noko ekte, truverdig og noko urnorsk eg trur folk forbind med språket, seier ho.

Trude Lundevall er eigar og fagleg leiar av frisørkjeda Balanzera. Foto: Privat

Språkleg sjølvtillit

Juryen meiner at: «Innsatsen til desse frisørane er med på å auke den språklege sjølvtilliten og medvitet til oss nynorskbrukarar». Det synest Lundevall er ei bra grunngjeving.

– Mange vel kanskje ein litt lettare utveg og brukar bokmål fordi dei tenker at ikkje alle forstår, eller at det ikkje er like populært blant alle kundane.

Sjølv meiner ho det viktigaste er at språket er naturleg for den som marknadsfører seg.

– For meg er det å skrive nynorsk ein del av meg og salongen min. Noko anna hadde blitt heilt feil.

I tillegg til at målforma er mest naturleg for henne, synest Lundevall nynorsk både er eit rikare og meir poetisk språk enn bokmål. Etter kvart har ho òg oppdaga fleire fordelar.

– Vi har jo fått mange kundar på grunn av det òg. Nokon synest kanskje det er litt sært, spesielt i Oslo. Men dei fleste er positive og synest det er fint. Så det med å styrke sjølvtilliten er eit godt poeng, seier Lundevall.

Kristin Johansen er ein av Floke sine frisørar. Da ho starta i salongen i 2016, hadde ho ikkje skrive nynorsk sidan ho gjekk på skolen. – Det byrjar å gå bra, men særleg i byrjinga måtte eg ha ein del hjelp. Men no les eg og skriv dagleg på nynorsk, seier Johansen. I frisørstolen sit Anastasia Wraa. Foto: Beate Haugtrø NPK

Identitetsverdi

Stana bur på Voss, og meiner det at ho er oppteken av ein tydeleg identitet heng saman med at vossingane har bygd ei merkevare der dei står for at dei bur i ei bygd og snakkar dialekt.

– Eg føler det heng veldig saman med det eg driv med. Eg har aldri tenkt på at det å bruke nynorsk har ein marknadsføringsverdi, men meir at det har ein identitetsverdi for meg, seier Stana.

Ho meiner at ei auka digitalisering har gjort samfunnet mindre personleg, og at det å ha ein identitet er viktigare enn før. Det har dei jobba med både gjennom språket og det visuelle.

Flokar på nettsida

Men, nokre utfordringar har det skapt. Nettsida til Floke er førehandsprogrammert på bokmål, og ikkje alle ord er like lette å få på plass. Eigentleg skal kundane kunne «tinga ein time», men til så lenge står det «bestille», grunna datautfordringar.

– Eg har jo hatt tilsette som meiner at kundane ikkje vil forstå kva «tinga» betyr. Men vi må lære kundane det, seier eg. Så det er litt snikopplæring i det og, seier ho.

Styreleiaren i Nynorsk kultursentrum gler seg til å dele ut prisen etter festspelopninga torsdag 13. juni.

– Vinnarane er gode førebilete frå næringslivet for nynorskbrukarane, seier Lodve Solholm.

Voss var første staden frisørkjeda Floke opna salong. Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPK

 

 

«Årets nynorskbrukar»

  • Prisen blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk.
  • 68 kandidatar var oppe til vurdering før vinnarane vart kåra.
  • Prisen i år blir delt ut etter festspelopninga torsdag 13. juni.
  • Prisvinnarane får 50.000 kroner kvar og eit grafisk blad av Arne Nøst.
  • Fredag 14. juni samtalar prisvinnarane med Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum, om nynorsk som identitets- og marknadsføringsspråk.