Ungdom i sommarjobb melder om seksuell trakassering

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdom i sommarjobb melder om seksuell trakassering

– Vi høyrer om seksuelle kommentarar frå sjefen til unge tilsette, kameraovervaking i rom som brukast til klesskift, kommentarar på kropp og utsjånad, i tillegg til uønskt seksuelle tilnærmingar, seier ungdomsrådgjevar Bjarne Lagesen i LO til VG.

Les også: LOs sommarpatrulje avdekker brot kvar dag

Unormalt mange meldingar i år

Kvart år besøkjer LOs sommarpatrulje unge arbeidstakarar på sommarjobb, og målet er å bevisstgjere og registrere brot på arbeidsmiljølova. I fleire fylke er det likevel i år fleire meldingar enn tidlegare år om seksuell trakassering.

– Om dette kjem av at det er meir medvit rundt seksuell trakassering på grunn av metoo-kampanjen, eller fordi det er ein reell auke er vanskeleg for oss å seie noko om. Det er kanskje enklare å seie ifrå no, samtidig veit vi at det er mange mørketal, seier Lagesen.

Han ynskjer no at alle tilfelle av seksuell trakassering blir talfest og ein del av sommarpatruljens rapportering.

Les også: 13 500 studentar har opplevd seksuell trakassering