Kampen om sommarjobbane er allereie i gang

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi ser at medlemsbedriftene våre allereie er i gang med å førebu seg til sommaren. Derfor vil vi absolutt anbefale ungdom å vere tidleg ute for å kapre draumejobben, seier direktøren for juridiske tenester i Virke, Elin Spjelkavik, til NRK.

Les også: Tips til deg som vil ha sommarjobb

Færre tenåringar har arbeidserfaring

Det skal vere over 300 annonsar om sommarjobb på Finn.no no.

– Dagens ungdom er ambisiøse, dei jobbar hardt og stiller store krav til seg sjølv. Eg trur det viktigaste er å vise at du er ryddig, at du står på og at du er ein ein kan stole på, seier Spjelkavik om sjansane for å få jobb.

Ho skulle gjerne sett at fleire ungdommar såg verdien i ein sommarjobb og at ein ikkje er altfor kresen.

Tal frå Statistisk sentralbyrå fortel at stadig færre tenåringar har erfaring frå arbeidslivet, for eksempel i form av ein deltidsjobb eller sommarjobb. Medan nærmare tre av fire 17-åringar hadde inntekter frå slike jobbar på slutten av 1990-talet, gjaldt dette berre om lag halvparten av 17-åringane i 2015.

Er du på jakt etter sommarjobb? Framtida.no søkjer sommervikarar og skribentar!