Kokain funne i hai

Brasiliansk hai har kokain i seg. Det viser ei undersøking som skal sjå korleis bruk av narkotika påverkar sjølivet.

Åshild Slåen
Publisert

13 haiar som hamna i fiskenett ved den brasilianske kysten er testa for kokain, ifølgje The Guardian.

Alle haiane testa positivt for kokain.

Testinga er ein del av ei undersøking som ser på korleis livet i havet blir påverka av bruk av ulovlege stoff som kokain. Tidlegare er stoffet funne i både elvar og kloakk, og det er også påvist i kreps og reker.

Sidan kokain er eit stoff som blir brote ned raskt, må det vere mykje stoff i miljøet for å bli påvist hjå haiane på denne måten.

– I andre studiar har eg allereie funne kokain i elvar som renn ut i havet frå Rio, men det var ei overrasking å finne det i haiar – og med så høge nivå, seier studiekoordinator Enrico Mendes Saggioro til avisa.

Dei veit ikkje nøyaktig kvar kokainen i haien har kome frå, men er bekymra for at dette også vil påverke menneske, sidan haien dei fanga blir brukt som mat av fleire i Brasil.