Mindre regnskog gjekk tapt i fjor

Tapet av skog globalt var mindre i fjor samanlikna med året før, men det totale skogtapet er framleis høgt, viser nye tal.

NPK-NTB-AFP
Publisert

Verdssamfunnet må mobilisere for å støtte fleire land i å oppnå raskare reduksjonar, er konklusjonen til Global Forest Watch og University of Maryland, som torsdag presentert sine årlege data om tap av tropisk naturskog.

Tala viser at det globale tapet av tropisk naturskog vart redusert med 9 prosent, eller 3800 kvadratkilometer, i 2023. Ikkje sidan 2015 har det vore registrert like lågt nivå.

Nedgangen er driven av stor reduksjon særleg i Brasil og Colombia. Tapet av tropisk naturskog i Brasil vart redusert med 36 prosent i fjor, og i Colombia med 49 prosent samanlikna med året før.

– Det er godt nytt for verda at tapet av tropisk skog har gått ned frå i fjor. Dette viser at politikk fungerer. Dessverre ser vi også ein auke i fleire land, og det hastar å få snudd denne trenden for å nå klima- og naturmåla verda har sett seg, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Den same statistikken viser at tropisk skog held fram med å forsvinne i høgt tempo, og at skogtapet må reduserast endå raskare for at det globale målet om stans i avskoging kan nåast innan 2030.

klima- og miljøministeren i skogen
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) er fornøgd med utviklinga. | Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK