Greta Thunberg håpar fleire følgjer etter.
mm

Den svenske avisa Expressen melde fredag at dei frå no skal publisere det dagleg oppdaterte CO2-nivået i atmosfæren.

Tala skal avisa samle frå fleire observatorium rundt om i verda, mellom anna observatoriet ved vulkanen Mauna Loa på Hawaii. Der har forskarar målt CO2-nivå sidan 1958.

Les også saka: Slik kan betre språk redda klima: – Ordet klimaendringar kan faktisk redusere engasjement

Høgaste nivået på millionar av år

– Siffera viser den påverknaden vi menneske har på den globale atmosfæren, seier klimaforskar Pieter Tans frå NOAA til Expressen.

National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA) er ein amerikansk etat som studerer forholda i havet og atmosfæren.

Til Expressen seier Tans at det mest slåande med CO2-nivået i dag er kor fort nivået stig. Nivået aukar no 200 gongar raskare enn det som tidlegare har vore tilfelle i samband med naturlege prosessar. CO2-nivået i atmosfæren er i dag høgare enn den har vore på fleire millionar år.

– Vi kan bevise utan tvil at det kjem frå menneskeleg aktivitet, seier Tans.

Samstundes understrekar klimaforskaren at det også finst gode nyheiter: Vi veit kva vi må gjere. Sol- og vindenergi og energilagring vert stadig billegare, og om ti år reknar Tans med at fossil energi ikkje lenger vil vere konkurransedyktig.

Les også om korleis forskarar vil gjere COom til drivstoff: – Det kan ikkje redde heile verda i seg sjølv, mest sannsynleg, men det kan bidra!

Greta Thunberg: – Kven følgjer etter?

Den svenske, og no verdskjende, klimaaktivisten Greta Thunberg jublar over Expressen sitt val. Sidan ho først sette seg utanfor den svenske Riksdagen i fjor haust har Thunberg reist verda rundt – med tog, elbil og buss – for å delta på skulestreikar i heile Europa.

16-åringen har snakka «på vegner av framtidige generasjonar» hjå det britiske parlamentet, bede EU-parlamentet om å «få klimapanikk», og motteke Fritt Ords Pris 2019 for sitt bidrag i klima- og miljødebatten.

I lys av Expressen sitt val spør Thunberg på Twitter: – Kven følgjer etter?

Les også om kvifor norske ungdommar framleis vil streike for klimakrava sine: – Det å stå side om side med ein horde av unge menneske som krev handling for å sikre både notid og framtid, er inspirerande og engasjerande

Kommentarar

ANNONSE