Arrangørane forklarar: Difor streikar ungdommane igjen


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi streika for at politikarane skulle ta klimaendringane på alvor og begynne å handle. Verda over demonstrerte 1,8 millionar menneske, og land som Irland, Storbritannia og Canada har erklært klimakrise som eit resultat. Noreg må gjere det same.

I Noreg har vi ungdommar vorte møtte med endå fleire tomme ord og vekkforklaringar. Politikarane tek fortsatt ikkje oss, eller klimakrisa, på alvor. Tida spring frå oss, og vi kan ikkje vente på nye høyringsrunder, budsjettprosessar og partiprogram. Løysingane må komme kjapt.

Løysingane må komme kjapt.

Å stanse klimaendringane handlar ikkje berre om forbrukarane sitt ansvar for å dusje kortare, køyre mindre og bruke bambus-tannkostar og handlenett. Å redde klimaet krev store investeringar og politisk vilje. Ungdommane har viljen, og Noreg har pengane og kunnskapen som skal til for å gjere noko før det er for seint. Dette har vi hatt lenge, men ingen har gjort noko. Så no må vi endå ein gong gje ein tydeleg beskjed til dei som styrer landet vårt: Vi krev handling, no. Difor streiker vi på nytt over heile Noreg den 24. mai.

For vi kan ikkje vinne klimakampen utan at dei som har makta, og det største ansvaret, tek dei vanskelege, men nødvendige vala.

Regjeringa må ikkje gje ut nokon nye utvinningsløyver til oljeindustrien, men heller skape nye, klimavenlege jobbar. Stortinget må i tillegg auke det norske klimamålet og kutte minst halvparten av våre klimautslepp innan 2030. Til slutt må vi ta vårt ansvar ovanfor dei som betalar den største prisen for utsleppa til rike land. Noreg må gje meir i støtte til klimafinansiering, slik at land kan setje i gong tiltak for klimakutt og for å tilpasse seg ei ny klimaverkelegheit. Denne støtta må trappast opp til minst 65 milliarder kroner årleg.

Klimakampen er ein kamp om liv og død. Vi, og millionar av andre, nektar å sitje og sjå på medan politikarane våre tek val som får konsekvensar både for oss lokalt, men også langt utover våre eigne grenser.

Ungdommane har viljen, og Noreg har pengane og kunnskapen som skal til

Her i Noreg kjem dei fleste til å klare seg relativt greitt, sjølv med meir ekstremvêr, tørke og forferdelege tap av naturmangfald. Det er andre som kjem til å ta dei største konsekvensane, og det er dei som har minst ansvar og minst føresetnadar for å forsvare seg mot klimaendringane. Vi unge kjempar klimakampen i solidaritet med dei.

Vi er elevane i lokalsamfunn rundt i Noreg som kjempar for våre fjordar og åkrar, for bylufta og dyrelivet. Vi kjemper for bøndene som vert ramma av tørke på Austlandet og i Somalia, for heimane som vert rivne vekk av flaum i bygder langs Vestlandskysten og i Bangladesh.

Vi let oss ikkje stoppe av nettroll som meiner vi er hjernevaska, av fråværsgrensa eller av tomme løfter frå politikarane. For ungdommen i dag kjempar ein sak som er viktigare enn noko anna, kampen for ein planet å leve på. Og vi står saman med millionar av ungdommar over heile verda. Stå saman med oss du også den 24. mai.

Skrive av:

  • Tina Razafimandimby Våje, initiativtakar
  • Penelope Lea, klimaaktivist
  • Agnes Granli Lægreid, leiar i barnas klimapanel
  • Carmen Bjørg Gómez Svanes, klimaaktivist for Klimaopprøret i Bergen
  • Hege Skarrud, leiar i Spire
  • Embla Regine Mathisen, leiar i Changemaker
  • Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom
  • Kristin Sønnesyn Berg, leiar for klimautvalet til KFUK-KFUM Global