Streikande lærarar blir inviterte med på ny storstilt klimaprotest

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Streiken er inspirert av den svenske 16-åringen Greta Thunberg og har vakse seg til eit globalt fenomen. Etter planen blir det streikar i nesten 1.300 byar i 114 land. Over 1,8 millionar streikande barn og unge møtte opp sist, og mobiliseringa er stor denne gongen òg.

I Noreg planlegg elevar frå 26 byar og tettstader, mellom dei Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim, å delta i streiken. Det er venta opp mot 10.000 deltakarar.

– Forskarane held fram med å slå alarm, og seinast for eit par veker sidan kunne vi lese i ein rapport frå FNs naturpanel om ei historisk masseutrydding av artar. Likevel har ikkje noko endra seg sidan sist, seier leiar Gaute Eiterjord i Natur og Ungdom til NTB.

– Regjeringa har ikkje lytta til krava våre og held fram med å stele framtida til ungdommen. Derfor må vi halde fram protestane og streike igjen, slår han fast.

Skal du streike fredag 24. mai? Stem her. 

Over 20.000 elevar over heile landet streika i mars for klimasaka. Fredag er det venta ein ny landsomfattande klimaaksjon.
Foto: Tom Hansen / NTB scanpix / NPK

Eksamen og lærarstreik

Sjølv om streikeviljen framleis er stor, er fråfallet stort frå den førre streiken. I mars deltok heile 20.000 elevar frå 70 tettstader og byar i Noreg.

Ein viktig del av forklaringa er at fredag også er eksamensdag for mange elevar på ungdomsskulen og vidaregåande. Eiterjord har forståing for dei som prioriterer det.

– Eg vil ikkje oppmode folk til å droppe eksamen. Alle må få avgjere sjølv, seier han.

Blir det inga løysing i meklinga mellom Unio, Akademikerne og KS natt til fredag kan likevel eksamen bli avlyst fleire stader. I så fall er òg streikande lærarar inviterte til å kaste seg på klimaopprøret.

– Dei er hjarteleg velkomne til å møte opp og støtte dei elevane som uansett skulle skulestreike. Vi treng alle på laget for å krevje ein betre miljøpolitikk, seier Eiterjord.

Les også om korleis tap i naturmangfald og klimaendringar heng saman: – Generelt sett er løysinga den same: Det krev gjennomgripande samfunnsendringar. 

Krev tiltak

Til saman 26 organisasjonar har støtta klimaaksjonen, mellom dei Natur og Ungdom, Changemaker, Elevorganisasjonen og ei rekke ungdomsparti. Dei ber politikarane innfri fire konkrete krav.

  • Ingen fleire utvinningsløyve til oljeindustrien, og skap nye klimavennlege jobbar i Noreg.
  • Auk det norske klimamålet, og kutt meir enn halvparten av dei norske utsleppa innan 2030.
  • Vis solidaritet med barn og unge i det globale sør som blir ramma av klimaendringane vi er skuld i; Gi meir støtte til finansiering av klimatiltak og klimatilpassing. Støtta må trappast opp til minst 65 milliardar årleg.
  • Erklær klimakrise, og følg opp med tiltak.

Les også: Starta underskriftskampanje for å erklære klimakrise i norske fylke

Lei av ros

Krava blir følgde opp med stortingsforslag frå SV og MDG, som dei folkevalde skal stemme over 6. juni.

Ungdomsorganisasjonane var på høyring om krava 16. mai. Der fekk dei ros for engasjementet sitt, men ingen av dei store partia ville garantere at dei kom til å støtte krava. Statsminister Erna Solberg (H) gjentok den same bodskapen i eit intervju med Aftenposten nyleg.

Denne typen utsegner er berre bensin på streikebålet, meiner Eiterjord.

– Det kjennest av og til som vi taler for døve øyrer. Vi er ikkje ute etter ros for engasjementet vårt, vi vil ha ei faktisk endring i politikken, seier han.

– Vi er klare for å halde fram protestane ei god stund framover. På sikt blir det umogleg for politikarane å ignorere dette, og vi trur det er mogleg å få til ei endring til slutt, seier Eiterjord, og legg til at det allereie er planlagt ein ny skulestreik i samband med kommunevalet i haust.

Les også kva Gaute Eiterjord sa då han mottok Fritt Ords pris for 2019 på vegner av Natur og Ungdom: – Me kjem ikkje til å gi oss før me får det som me vil

Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord har god grunn til å smile – organisasjonen mottok Fritt Ords Pris 2019 og har hatt god medlemsvekst sidan nyttår. Foto: Amanda Iversen Orlich, Natur og Ungdom