På ei veke har talet påmeldingar til den internasjonale skulestreiken 24. mai meir enn dobla seg.

Førre veke var 689 streikar påmelde i 94 forskjellige land. No har 1429 streikar i 114 land meldt seg på den internasjonale skulestreiken fredag 24. mai. Talet på påmeldingar har meir enn dobla seg på ei veke.

NU-leiar Gaute Eiterjord beskriv det som eit klimaopprør som spreier seg som eld i tørt gras.

– Det viser at ungdommane ikkje er ferdige med å protestere, og at dei ikkje vil sitje stille og sjå på at dei vaksne politikarane stel framtida vår, seier Eiterjord til Nynorsk pressekontor.

Skal du streike for klimaet fredag 24. mai?

Skal du streike for klimaet fredag 24. mai?

Ja. 23
Nei. 11
Veit ikkje. 2
Går ikkje på skule. 13
Svar totalt: 49

 

Her kan du lese kva dei streikande elevane krev frå politikarane. 

– Eit skikkeleg grasrotopprør

Han opplever at streiken spreier seg av seg sjølv, og trur det kan komme enno fleire påmeldingar timane som er igjen før streiken.

– Det dukkar plutseleg opp fleire streikar, og det viser at det er eit skikkeleg grasrotopprør, seier Eiterjord.

I Noreg er det fram til no planlagd 25 streikar, og sjølv om det var fleire påmelde i mars, så ser NU-leiaren at det er fleire nye streikarar denne gongen som ikkje var med sist.

Eksamenstida nærmar seg. Elevar som allereie nærmar seg fråværsgrensa kan risikere å ikkje få vurdering i faga sine.

– Det er fint for dei som streika sist at nye kjem til, seier Eiterjord.

Les også intervjuet med Gaute Eiterjord: – Det er eit heilt vanvitig miljøengasjement for tida, og særleg blant unge

I april fekk Natur og Ungdom Fritt Ords pris saman med Greta Thunberg. – Det betyr mykje, og er ei stor anerkjenning av all innsatsen ungdommane gjer for miljøet, seier NU-leiar Gaute Eiterjord. Foto: Beate Haugtrø / NPK
Oppdatert: onsdag 22. mai 2019 23.18

Kommentarar

ANNONSE