Ny skulestreik for klimaet på fredag

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag 22. mars stod pultane til 40 000 elevar tomme. Knappe to månadar etter førre skulestreik er det klart for ei ny runde.

Fredag 24. mai vert det arrangert ny skulestreik for klimaet.

Denne gongen fell den nasjonale og den globale skulestreiken på same dag, og per tysdag morgon er det planlagt streik 1351 stadar i 110 land.

Les også: Manar til ny skulestreik: – Politikarane har ikkje forstått alvoret

Oppdaterte krav

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) møtte dei streikande elevane utanfor Stortinget fredag 22. mars. Då fekk han ei rekkje krav av Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord på vegner av dei streikande.

https://www.youtube.com/watch?v=ODcALEH68RI

Ungdomane meiner desse krava til no ikkje har vorte møtte, og står såleis fast på dei også i denne omgang:

  • Ingen fleire utvinningsløyver til oljeindustrien, og skap nye klimavenlege jobbar i Noreg
  • Auke det norske klimamålet og kutt meir enn halvparten av norske utslepp innan 2030
  • Minst 65 milliardar årleg i støtte til finansiering av klimatiltak og klimatilpassing i utlandet.

Både Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet dei Grøne har i etterkant av streiken fremja representantforslag om at krava må verte innfridde. Desse skal Stortinget stemme over torsdag 6. juni.

Her kan du lese SV sitt forslag, og her kan du lese MDG sitt.

Les også om Ola Elvestuen sitt svar til dei streikande: – Eg kan ikkje love at det ikkje kjem meir leiting etter olje

Erklære klimakrise

Sidan førre gong har også eit fjerde krav kome på lista:

  • Erklær klimakrise, og følg opp med tiltak

Den siste tida har ei rekkje land erklært nasjonal klimakrise, blant desse er Storbritannia, Skottland og Wales. I tillegg har Bodø vorte den første norske kommunen som erklærer klimakrise, ifølgje NRK.

Samstundes har miljøorganisasjonen World Saving Hustle starta fylkesvise underskriftskampanjer for å tvinge norske fylkekommunar til å erklære lokale klimakriser.