– Det er kjekt at du engasjerer deg, Erna. Men gjer det på ekte – med ansvarleg klimapolitikk

Sofie Nordvik (24) og Kristin Sønnesyn Berg (21), KFUK-KFUM Global
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kjære Erna!

Det er flott at du engasjerer deg i klimadebatten, men engasjementet må også visast i statsbudsjettet ditt.

Vi sov på di dørmatte natt til fredag. Med oss hadde vi alle våre klimaløysingar, all vår kunnskap og all vår støtte til tøffe prioriteringar som gir rettferdig klimapolitikk. No høyrast det ikkje ut som du kjem til å bruke noko av det. Vi er ikkje berre utolmodige, vi er lei av naiv klimapolitikk som leder oss mot 3 graders global oppvarming. Vi er lei av uansvarleg økonomisk styring som ikkje tek inn over seg alvoret i klimasaken. Kunnskapsgrunnlaget ligg der, det einaste som manglar er politisk vilje – og der feilar du gang på gang!

Det einaste som manglar er politisk vilje – og der feilar du gang på gang!

Derfor provoserer det oss når du set deg i båten og ror deg vekk med svada om kunnskap og «flott ungdomsengasjement». Vi er glade for at du peikar på at tida er inne for å sjå på kva løysningar vi skal ta i bruk for å møte klimakrisa, men vi vil vite kvifor våre løysingar – som forskarar meiner kan sikre framtida – ikkje passar for deg. Kor mange bokhyller med rapportar frå klimaforskarar treng du for å forstå at vi må kutte meir utslepp og bidra med meir klimafinansiering?

Les også: – Noreg kjøper seg fri frå utsleppskutt gjennom å pakke det inn som bistand og klimatiltak

Takk for at du seier det skal vere dyrare å forureine. Der har du vår fulle støtte, men då må det også bli enklare å velje klimavenleg. Transportsektoren står for 30% av norske utslipp og er med dette et av de viktigaste områda å kutte i. Da er det absurd at tog så godt som alltid er dyrare enn fly, og det er absurd at internasjonale flygingar er friteke frå moms og skatt, mens togselskap betalar så det svir. Tog er ikkje eit reelt alternativ på lengre strekningar før det er betydeleg billigare, går om natta og har sovekupé som kostar mindre enn heisaturen tur/retur New York. Vi treng ikkje meir kunnskap for å forstå dette. Vi treng handling!

Vi vil vite kvifor våre løysingar ikkje passar for deg

Vi har samla over 8000 milliardar kroner i pensjonsfondet vårt. Desse pengane bidreg til vår utdanning, men dei har også bidrege stort til klimagassutslepp. Oljepengane våre er ikkje dei reinaste i verda. Som all anna olje brennast den med stort karbonavtrykk og vi står i ei særstilling gjennom våre utslepp og inntekter som bidreg til global oppvarming. Det skal berre mangle at vi gjer meir, for som du seier, forureinarar skal betale.

I fjor kom det endå ein rapport, endå eit kunnskapsgrunnlag, som viser korleis Noreg må bidra viss vi tek vårt historiske ansvar på alvor. Rapporten, som vart skrive på oppdrag frå Kirkens Nødhjelp, Regnskogfondet, ForUM og Naturvernforbundet, viser tydelig korleis Noreg må kutte over 50% i klimagassar i løpet av de neste 11 årene. Og ikkje nok med det – dei 400% kutta vi ikkje får til her heime, må vi gjennomføre gjennom kutt i resten av verda.

Les også meinigsinnlegget: Politikarar, grip sjansen til å svare elevane: Fossilfrie regionar innan 2030!

Dette er forventa å koste omkring 65 milliardar kvart år. Det er skrekkeleg mykje pengar, men vi er også i ein skrekkeleg situasjon, og jo lenger vi ventar med store, strukturelle tiltak i kampen mot klimaendringane, desto dyrare blir det. Det er den harde realiteten som vi har klart å ta inn over oss, men som det verkar som dykk ikkje forstår. I staden for stikk de hovudet i oljesanda, og håpar på at det går over om vi berre gjer litt meir ditt og litt meir datt. Det er ein uansvarleg måte å styre landet på – vi krev ein meir offensiv framgangsmåte.

I staden for stikk de hovudet i oljesanda

Tog må alltid vere billigare enn å fly. Vi må avvikle leiterefusjonsordninga der vi subsidierer ei oljenæring på hell, og heller putte desse pengane i fornybart. Vi må bygge ut grøn industri og grøne arbeidsplassar. Vi må ta initiativ til eit forbetra togsystem i Noreg og Europa med eit felles billettsystem. Vi må fase ut olja og gradvis stenge krana. Løysningane står i kø, men vi må gjere alt dette på under 11 år. Kva ventar du på?

Vi respekterer deg for å alltid vere oppteken av kunnskap, men det nyttar ikkje om denne kunnskapen ikkje blir tatt i bruk. Kva er poenget med å gå på skule, utdanne seg, forske og komme med forslag viss du ikkje har vilje til å handle på grunnlag av dette? Vi fann olje, og vi forvalta rikdommen på ein ansvarleg og god måte. No treng vi ein tydeleg statsminister som kan lede oss gjennom omstillinga og ut av oljealderen på ein ansvarleg måte. Du kan vere den statsministeren.

Klimaopprøret handlar ikkje berre om utolmodig ungdom, det handlar om ungdom med løysingar.

Det er kjekt at du engasjerer deg, Erna. Men gjer det på ekte – med ansvarleg klimapolitikk.