Mailiss Solheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

9 grader nord består av dei to systrene Mira Thiruchelvam og Dipha Thiruchelvam, og Jakob Sissleson Hamre og Jakob Sønnesyn. Systrene møtte vi over ein kopp te på platebaren Apollon for å lære litt meir om dette spesielle prosjektet.

Dei to systrene har alltid spelt saman, og Mira fortel at det starta med at dei kvar for seg lærte å spele bambusfløyte, etter inspirasjon frå far sin. Han hadde lært å spele instrumentet på Sri Lanka, og tok kjærleiken for fløyta og musikken med til Noreg når han og mora deira kom til landet for meir enn 30 år sidan.

– Han har lært oss å spele og vi har brukt det lille han kunne lære oss og utvikla oss vidare, seier Dipha.

Og i 2015 starta det som i dag er 9 grader nord, då systrene og dei to skulekameratane til Mira, Jakob og Jakob, byrja å spele saman. På dryge tre år har dei rukket å spele på mange ulike scener og festivalar landet rundt, og i fjor tok Visit Norway kontakt med bandet om eit noko spesielt prosjekt.

Framtida.no møtte Dipha (t.v.) og Mira på platebutikken Apollon, for å snakke om det musikalske Munch-prosjektet. Foto; Mailiss Solheim

Les også om 17 år gamle Sina som kom til Noreg for tre år sidan, og no tyr til rapping for å fortelje om kva som føregår i samfunnet. 

Musikalsk tolking av Munch sine måleri

Visit Norway og Innovasjon Norge står bak prosjektet, der fire ulike band og artistar vart spurt om å velje eit heilt valfritt måleri av Edvard Munch, og tolke det på sin eigen måte. For 9 grader nord fall valet på Det syke barn. Banda hadde ein knapp månad på å fullføre oppgåva.

– Vi skulle tolke det slik vi ville, og så legge på melodi. Det var ein stressande prosess, i ein elles stressande kvardag. Men vi er veldig nøgde med resultatet, smiler Dipha.

– Det syke barn var det biletet med den lettaste kjensla å relatere seg til. Alle, med mindre vi tenkjer på kunstig befruktning og slikt, har hatt ei mor. Det var det sterkaste bilete, legg Mira til.

Gruppa byrja med å legge på ein fløytemelodi, og tolka låten som ein siste voggesong frå mora til det døyande barnet. Men skal vi tru jentene rett, så har dei lært litt om bakgrunnsjekk før ein gjer eit stykke tolkingsarbeid.

– Vi tolka biletet før vi hadde lese historia bak det. Det er eigentleg ikkje ei mor og eit barn, men ei tante og eit barn, innrømmer Dipha.

I låten kan vi mellom anna høyre det Mira fortel er ei typisk vogge-frase på tamilsk, som tyder det same som norske «så så».

– Det har vore ein heilt anna måte å jobbe på. Tidvis hadde vi biletet hengt opp framfor oss, fortsett Mira.

Her kan du høyre låten: 

Lyst på fleire musikktips? Dei har Urørt-vinnar Jon Olav i fleng.

Musikkglede og tamilsk som arbeidsspråk

Visit Norway har også laga ein video som del av prosjektet.

– Det vert litt eit politisk bakteppe for oss: at dei brukar minoritetar til å reklamere for Noreg, og at vi tolkar biletet med tamilsk. Det viser respekt at dei ser vår kulturarv som norsk også, smiler Mira.

Ho fortsett med å understreke at 9 grader nord ikkje er eit politisk band, men ynskjer med sin musikk å gi assosiasjonar, møtepunkt og å underhalde publikum. Dei prøver å vere så organiske som mogeleg, og ikkje minst gi musikkglede.

– Det er jo musikkglede det handlar om for oss i bandet!

Den tamilske arva er også viktig for Mira og Dipha.

– Vi vil vise vår identitet i eit samfunn fullt av diversitet. Vi vil bygge bruer. Og Bergen er ein by med mange ulike miljø. Vi vil skape arenaer og ha noko til felles, og dempe stereotypiar. Vi er del av ein minoritet, og vi bruker gjerne litt etnisk bekledning på scena, utdjupar Mira.

– Sidan vi syng på tamilsk, er det ekstra viktig at vi får fram stemninga i låtane vi skriv, føyer Dipha til.

Slik vart videoen:

Les også meiningsinnlegget om songen «Despacito»: – Eg meiner vi må helt tilbake til svartedauden for å finne ein liknande landeplage.

Speler meir live enn folk trur

For å vere eit rimeleg ungt band, har kvartetten allereie ei lang konsert-merittliste på samvitet. Alt frå festivalar, til julebord og hagefestar. Det fyrste klubbsettet gruppa spelte var på Vill Vill Vest i Bergen i 2016.

– Då endra vi litt konsept, og forstod at vi kunne spele for eit berusa publikum også, ler Dipha.

Dei kan også skryte av samarbeid med tv-programmet Trygdekontoret og nyleg ein turné i Lofoten i samarbeid med Den Kulturelle Skolesekken. Jentene fortel at Jakob Hamre har ein draum om å spele på Roskilde, og at alle i bandet drøymer om å turnere på Sri-Lanka. Kanskje ikkje så rart, når kjærleiken for bambusfløyta til familien Thiruchelvam har sitt opphav der.

No i januar er gruppa i studio, og det er berre til å glede seg til å sjå kva som blir resultatet.

Les også om det store rocksamfunnet i den vesle bygda Akkerhaugen, som har fostra opp unge musikktalent sidan 80-talet.