– Han lagar musikken, men det er fansen som har gjort han stor

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Drift er 100 prosent Per. Dei er jo ganske like dei to, om ein skal kalle dei to. Drift er Per så mykje som mogleg, men Kjartan kjem frå ein plass, seier Rainer Kleive på telefon til Framtida.no

25-åringen frå Balestrand er aktuell med Youtube-serien Drift om kameraten Per Áki Sigurdsson Kvikne (24), som er betre kjent under artistnamnet Kjartan Lauritzen.

Dei tre episodane er produsert for musikkollektivet Vibbefanger som husar Kjartan Lauritzen og fleire andre bergensbaserte artistar.

Allereie i første kapittel kjem éi av favorittscenene til Kleive, som vart til då dei sat eit par timar på toppen av gamle Holmenkollen:

Draumen om dokumentaren

– Eg har film frå den første konserten hans på eit bibliotek i Bergen. Det var berre vi kompisane som stod der og laga sjukt med liv fremst, medan han klatra rundt på bokhyller. Resten av dei som var der stod berre og lurte på kva som skjedde, ler Kleive.

Planen var eigentleg å lage ein dokumentar om Per Áki, men undervegs vart det skalert ned til tre Youtube-episodar.

Fotograf Rainer Kleive (25) er stort sett å finne bak kamera.

Dette ser 25-åringen på som eit slags pilotprosjekt og på sikt håpar han å lage ein lenger dokumentarserie eller -film om kameraten.

– Då må det vere eit litt lenger løp med både oppturar og nedturar. Det skal jo gå opp og ned i dokumentarar, men det har gått veldig mykje opp i det siste, fortel Kleive.

Les også: No kan du snart gå i Pride-parade i Sogn og Fjordane

Ein kompisgjeng frå Balestrand

Fotografen hadde lyst å vise fram at bak fasaden så er populære artisten frå Balestrand eigentleg berre er ein vanleg gut.

– Folk trur han er superhappy heile tida og at det berre er å dra han ut av ein samtale for å ta bilete. Eg ville vise at me berre er ein heilt vanleg gjeng som reiser rundt og har fått oppleve mykje moro i det siste på grunn av den store hypen, forklarar Kleive og legg til:

– Han lagar musikken, men det er fansen som har gjort han stor.

– Som person er han null og hundre. Han kan liggje og slapp heilt av eller syng i bar overkropp. Det treng ikkje berre vere på scena, men kan vere midt i ein butikk, seier fotograf Rainer Kleive, som har dokumentert karriera til kameraten Per Áki Sigurdsson Kvikne frå starten.

Frå Nordsjøen til tomt kjøleskåp

Kleive har fagbrev som billakkerar og jobba eigentleg som overflatebehandlar i Nordsjøen før han opplevde å mista jobben fleire gonger i samband med oljekrisa.

Etter å ha starta i det små med å hjelpa barndomskameraten med nokre bilete, balla det på seg og hobbyfotografen bestemte seg for å satsa for fullt i 2016.

– Det var hardt. Det vart å gå frå eit heilt fullt kjøleskåp, til eit nesten heilt tomt eit. Eg veit ikkje om eg hadde gjort det om att, seier Kleive

Han hadde to lønningar å gå på, men etter eit hardt førsteår har det gått betre.

Hans beste tips forutan det vanlege «stå på og tru på deg sjølv» er:

– Skriv mail! Snakk med folk og spør. Det skadar aldri å spørje, så berre spør i veg og mas.

I dag livnærer han seg på foto og film. Akkurat no jobbar han med eit større oppdrag for Balestrand Adventures, som skal ha 30 filmar som viser naturen og opplevingane dei byr på.

Storebror Theodor Sigurdsson Kvikne (til venstre) og Fredrik Hanevik er ein del av støtteapparatet rundt Kjartan Lauritzen. Foto: Rainer Kleive

Brør, som ikkje er brør (og éin som er det)

Kleive sitt triks for å visa fram kompisgjengen er å setje kamera opp og berre la det gå medan dei samtalar om stort og smått. Det har resultert i mange timar råmateriale, som Kleive trur kameratane kjem til å setja pris på når dei er 40.

– Kallar de dykk for eit entourage?

– Standarden for det er ganske høg med den serien. Me er ganske langt bak det når me køyrer rundt i leigebil. Det er ikkje noko turbuss. Me er ikkje heilt der enno, men nesten alle er frå Balestrand. Me er som brør heile gjengen, så er det éin som faktisk er bror, fortel Kleive.

Kjartan Lauritzen er kjent for å gje alt og litt til på scena. Foto: Rainer Kleive