Winter is (not) coming!

Eirin Høiseth, klimaforkjempar og GoT-fan
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

*røpealarm*

Ei destruktiv og umenneskeleg kraft truar med å øydeleggje verda slik vi kjenner ho. Ho snik seg innpå og øydelegg alt på sin veg. Ei lita gruppe dedikerte voktarar forsøker å åtvare ei likegyldig befolkning, og overtyde herskarane om at trusselen er ekte.

Kongane og dronningene er imidlertid for opptekne med maktkamp til å ta åtvaringane på alvor. Budbringerne blir møtt med mistru, likegyldigheit og hån. Den lange vinteren kjem, men i staden for å kjempe mot han, må Jon Snow bruke alle sine krefter på å overtyde folk om at dei døde Kvite vandrarane er på veg. Vil han få Westeros sine store hus til å samarbeide før det er for seint?

Dette er premissen når siste sesong av Game of Thrones startar på søndag.
Høyrest det kjent ut?

Byt ut dei Kvite vandrarane med klimaendringar, og Jon Snow med Greta Thunberg, og du har dagens klimasituasjon – om enn med litt mindre sex, vald og drakar. Medan herskarane i Westeros er for sjølvsentrerte til å takle trusselen frå nord, har verdas politiske leiarar visst om klimatrusselen i årevis utan å klare å redusere utsleppa våre.

Byt ut dei Kvite vandrarane med klimaendringar, og Jon Snow med Greta Thunberg, og du har dagens klimasituasjon – om enn med litt mindre sex, vald og drakar.

You know nothing Greta Thunberg!

Trusselen om den kommande vinteren har hengt over Westeros sidan fyrste episode. Dei kvite vandrarane er bokstaveleg talt klimaendringar der dei pressar den lange vinteren framfor seg sørover.

Fremst i kampen mot den døde hæren, Dei andre, står ein usannsynleg helt: Jon Snow, ein lausunge i sjølvpåført eksil hos Nattevakta. Ikkje ulikt Greta Thunberg, ei ung jente med ein diagnose, som også stadig får beskjed om at ho ikkje anar kva ho snakkar om. Begge leier no an i mobiliseringa mot verdas undergang.

Dei blir støtta av ei gruppe som har kjempa lenge mot katastrofen, høvevis Nattevakta og FN sitt klimapanel. Desse vakthundane følgjer med på farane, og har lenge freista å seie i frå, til inga nytte.

Blant dei lærde er Samwell Tarly, som har kjent trusselen på kroppen og veit korleis han kan overvinnast. No må han få kunnskapen i hendene på dei rette folka, slik at han kan brukast! Ikkje berre er Sam akkurat så deilig nerdete som ein håper at ein klimaforskar er, han er dessverre også like stotrande dårleg til å kommunisere på ein måte som maner til handling.

Ikkje berre er Sam akkurat så deilig nerdete som ein håper at ein klimaforskar er, han er dessverre også like stotrande dårleg til å kommunisere på ein måte som maner til handling.

Når nyhendet om Dei andre kjem til King’s Landing blir dei difor avvist, og forkasta som eventyr for å skremme småbarn. På same vis får klimafornektarane sine fakta fra konservative og kapitalistiske grupper som ønsker å behalde makt og posisjon. På Littlefinger sitt bordell kan eliten, med lånte og umoralske opptente middel, stengje ute dei harde realitetane, medan bermen må sjå døden i dets isblå auge.

Medan vi ventar på handling, går det som vanleg hardast ut over dei fattige. Wildlings flyktar sørover i eit forsøk på å redde livet og finne nytt, leveleg land, slik fleire millionar menneske kvart år blir drivne på flukt på grunn av tørke, oversvømmelsar og naturkatastrofar. Men verken sør for muren eller her heime skaper dei fattige si liding overskrifter. Først når dei rike og mektige blir råka, kjem tiltaka – men då er det kanskje allereie for seint?

Berre saman kan Lannister- Targaryen- og Stark-klanane og dei andre husa ha nokon sjanse til å stoppe Nattkongen. Likevel klarer dei ikkje å leggje realpolitikken til side. På same måte er dei store forureinerane som USA og Kina meir opptekne av å verne om eigen industri og økonomi enn å bidra til den globale klimainnsatsen.

Våre hjernar fattar ikkje apokalypsen

Mangelen på handling i Westeros speglar vår heimlege klimaapati, og blir tydeleg når Jon spør Tyrion Lannister:

– Korleis overtyder eg folk som ikkje kjenner meg, om at ein fiende dei ikkje trur på, kjem for å drepe dei?

Tyrion svarer:

– Folk sine hjernar er ikkje laga for så store problem. Dei andre, Nattkongen, Dei dødes hær, det er nesten ei lette å konfrontere eit komfortabelt, kjent monster som mi søster.

Hjernane våre er nemleg dårlege på å handtere abstrakt og fjern risiko. Vi liker konkrete, handgripelege problem som kan løysast her og no. Slik Nattkongen er eit usannsynleg eventyr, blir også tynne isbjørnar på smeltande isflak opplevd som fjerne og irrelevante for oss. Vi har ingen tydeleg fiende. Dermed blir den eksistensielle trusselen meir behageleg å ignorere, og vi fokuserer på handterlege problem, som uskikkelege bryllaupsgjestar eller uskikka justisministerar.

Her fann Jon Snow ei radikal løysing. Om du er dronning eller hattemakar: Lite følast så nært, personleg og akutt som ein rabiat drapszombie på frifot i intimsona di.

Make the Lannisters great again!

Jon Snow har kanskje lykkast i å overtyde Daenerys Targaryen om å hjelpe seg, men kan han samle Dei sju rika om éin felles sak? Psykologien hevdar at folk heller tener sine noværande egoistiske interesser, enn å inngå samarbeid eller kompromiss som vil løne seg på sikt. Om målet er eit felles gode, er det lettere å vere gratispassasjer på dei andre sin innsats. Dette er allmenningen sin tragedie.

Av dette følgjer Cersei Lannister sitt instinkt om å dolke Jon i ryggen, og la styrkane sine bli i sør når dei andre utkjempar den store krigen, og Donald Trump si avgjerd om å trekke seg ut av ein kostbar Paris-avtale og overlate klimakutta til andre. Dette gjer det vanskeleg for dei lokale herrane i Nord å forplikte seg. Ingen vil ofre sin eigen hær, om dei ikkje kan garantere at alle bidreg. På same vis nektar dei rike industrilanda, som har skapt krisa, å kutte utslepp, samstundes som land i sør byggjer opp eigen industri.

Vi må samle hærane

I siste sesong er det mange spørsmål som skal svarast på, men over alle intrigane heng den ultimate kampen mot Dei andre. Bodskapen er den same både i verda og i Westeros: Faren er ekte, og han er allereie her. Han vil råke oss alle, men vi kan framleis stoppe han. Det finst løysingar, men vi må samarbeide for å rekke det.

Så sjå og lær av Jon Snow si mobilisering. Det held ikkje å kjeldesortere for å stoppe klimakrisa, like lite som det nyttar for ein bonde i Westeros å bruke eit møkkagreip mot den døde hæren. Klima krev kollektive løysningar. Som Greta Thunberg understrekar: Det er ikkje enkeltpersonar sine handlingar som får bukt med klimaendringane, det krev endring på systemnivå. Vi må tvinge våre leiarar til å leggje det politiske spelet til side og finne fram dei ordentlege våpna, med drakar og alt!

Som Davos Seaworth seier:

– Viss vi ikkje legg vekk vårt fiendeskap og står saman, vil vi døy. Og da speler det inga rolle kven sitt skjelett som sit på jerntrona.

For ordens skyld, eg er ikkje den første som har tenkt på denne analogien. Sjå til dømes Vox, Vanity Fair, Active sustainibility, eller Thrillist for ulike vinklingar på tema.

Les også:

Forstår du nok høgvalyrisk til å regjere over dei sju kongerika?

Og har du lese om forskarane som meiner Arya Stark har størst sannsyn for å overleve?