Arya har størst sjanse for å overleva Game of Thrones

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 16.04.2019 14:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange Game of Thrones-fans kom seg aldri etter sjokket då Ned Stark vart avretta med halshogging allereie i sjuande episode av første sesong.

Derifrå har det berre vorte blodigare.

I forskingsartikkelen «Death is certain, the time is not»: mortality and survival in Game of Thrones publisert i Injury Epidemiology har Lystad og kollegaen Benjamin T. Brown sett på overlevingsprosenten i Westeros.

– Avrettinga av Ned Stark hadde nok eit stort inntrykk på meg (som hos mange andre). Eg trur det dødsfallet sette tonen ganske tidlig i form av at det ikkje ville vere nokon klar helt frå A til Å i serien, seier forskar og GoT-entusiast Reidar P. Lystad i ein e-post.

Basert på funna har han og kollegaen laga ei kvalifisert liste over kven dei trur vil overleva.

Kva kan du om Game of Thrones? Test deg sjølv i vår quiz!

Lord Eddard Stark (Sean Bean) vart avretta allereie i sjuande episoden. Foto: HBO

– Vi måtte ha noko å gjere medan vi venta på siste sesong. Så var det no også ei fin unnskyldning for å kunne sjå alle episodane om att, forklarar forskar Reidar P. Lystad. Foto: Privat.

Dårlege framtidsutsikter

«Death is certain, the time is not,» seier Jaquen H’gar.

Den mystiske skikkelsen er eit av aliasa til dei andletslause mennene i Braavos, ei gruppe leigemordarar som kan skifte utsjånad og rekrutterer Arya Stark.

– Sannsynet for å overleva er i utgangspunktet ikkje særlig stort, slår Lystad fast.

Nordmannen er tilknytta Macquarie University i Sydney, Australia, der han forskar på omfanget av skadar i befolkninga særskilt innan idrettsskadar, hjerneskadar og ryggskadar, med tanke på førebygging og betring av behandingstilbod.

Les også: Norsk tronstrid var som Game of Thrones

Historisk valdsperspektiv

Game of Thrones-entusiasten tykte ventetida mellom sjuande og åttande sesong vart i overkant lang og brukte forskinga litt som eit påskot for å kunne sjå episodane om att, men har òg ei fagleg interesse for temaet.

– GoT er særdeles kjent for hyppig bruk av grafisk vald og død, så eg tenkte det kunne vere ein god idé å nytte mi ekspertise innan epidemiologi og skadar til å studere død og overleving i GOT. Det var også ei fin anledning til å skrive litt om førebygging av vald frå eit delvis historisk perspektiv.

Personleg har Reidar P. Lystad stor sans for Tyrion Lannister (Peter Dinklage) – Han likar å tenke gjennom det han gjer, lese bøker og drikke vin, og det er noko eg lett kan identifisere meg med, forklarar forskaren. Foto: HBO

Grusame dødsfall i heimen

GoT-forskinga har vekt interesse verda over og har tidlegare blitt omtalt av britiske The Guardian og norske Dagbladet.

Lystad og Brown har gått vitskapeleg til verks og har notert seg når viktige karakterar vert introdusert i tv-serien Game of Thrones, om dei døydde, korleis dei døydde og kor mykje skjermtid dei fekk før dei omkom.

I løpet av 67 episodar talte forskarane i alt 330 viktige karakterar. 56 prosent av desse døydde i løpet av studien. Nesten alle desse dødsfalla var forårsaka av skadar, forbrenning eller forgifting.

63 prosent var overfall, medan 24 prosent fall i krig.

Ned Stark er blant dei 5 prosentane som enda sine dagar med ei avretting.

Sjølv om dødsfalla var dramatiske, skjedde majoriteten av desse i heimen. (Her kan ein dra ein parallell til det norske samfunnet. Ifølgje Folkehelseinstituttet skjedde 90 000 av alle ulykker som folk vart behandla for ved norske sjukehus i heimen.)

Ungguten Olly (Brenock O’Connor) vart så upopulær blant fansen då han vart Ygritte sin bane at skodespelaren skal ha motteke dødstruslar. I sjette sesong av serien endar karakteren livet i galgen. Foto: HBO

14 prosent døyr innan ein time

Konklusjonen til forskarane er at dødsraten er høg blant karakterane i Game of Thrones og at det er stort potensiale til å forhindra valdelege dødsfall i serien.

Sjansen for å døy ein dramatisk død innan ein time etter at ein kom på skjermen i tv-serien var 14 prosent.

Den viktige karakteren som brukar kortast tid på å møta sin bane er den vesle guten Olly sin far, som vert drepen av Ygritte når villmennene herjar heimstaden deira. Dette skjer berre 11 sekund etter at mannen først kjem på skjermen i sesong fire og viser seg å vere viktig fordi det motiverer Olly til å drepe Ygritte, som er kjærasten til Jon Snow.

Forskarane har òg sett på kva faktorar som aukar sjansen for å overleva. Den viktigaste faktoren for større sannsyn for å overleva er å skifte allianse.

– Karakterar som har skifta allianse i løpet av dei sju første sesongane har 65 prosent større sannsyn for å overleva. Sannsynet for å overleva er også betre for kvinner og dei med høgare sosial status, forklarar Lystad.

Her er igjen ein parallell til vårt eige samfunn der forventa levealder i 2016 var 84 år for kvinner og 81 år for menn. Høg utdanning og godt arbeidsmiljø er òg faktorar som bidreg til eit langt liv, ifølgje SSB.

Brienne of Tarth (Gwendoline Christie) har gjort ein god jobb med å beskytte Sansa Stark ( Sophie Turner) etter at mora Catelyn Tully Stark vart drepen i åtaket som vert kalla det raude bryllaupet i tredje sesong. Foto: HBO

Arya, Sansa og Brienne toppar lista

Basert på forskinga har Lystad og Brown laga ei liste der dei rangerer sannsynet for overleving av dei gjenlevande karakterane i Game of Thrones-universet.

Lista er som følgjer:

 

– Vi kan forvente at minst 2 av 3 av karakterane på den lista vil døy (kanskje opptil 4 av 5 om trenden held fram i siste sesong), ifølgje Lystad.

Sjølv er han mest spent på korleis det heile endar.

– Det blir nok ein episk kamp mellom dei levande og dei døde, og eg er litt spent på akkurat korleis profetien om «prinsen/prinsessa som er lova» blir avgjerande i den kampen.

Villmannen Tormund Giantsbane (Kristoffer Hivju) har ikkje lysande framtidsutsikter skal me tru spådommane. Foto: HBO

Utrygt middelaldersamfunn

I løpet av sju sesongar har over halvparten av dei viktigaste karakterane i tv-serien basert på George R.R. Martin sin bokserie avgått med døden.

Tv-serien har besert seg på dei fem første bøkene i den populære bokserien, men sidan dei no har teke att forfattaren er spenninga større enn nokon gong. No ventar fansen i spenning på sjette boka The Winds of Winter, som allereie er utsett fleire gongar, og den avsluttande boka A Dream of Spring.

Universet til Martin kan minna om Europa i mellomalderen. Forfattaren sjølv har sagt at han har latt seg inspirere av historiske hendingar som Rosekrigane i England. I andre del av 1400-talet var det borgarkrigliknande tilstandar i Storbritannia, der mellom anna huset av York og huset av Lancastar kriga om trona.

I artikkelen skriv Lystad og Brown mellom anna at kontinuerlege feidar og mangelen på stabile, demokratiske regjeringar hindrar etablering og utvikling av institusjonar som kan betra helsa til innbyggjarane.

Lystad trur tv-seriar som GoT kan hjelpe oss til å reflektere litt over korleis vi har gått frå ei særdeles valdelig førhistorie til å ende opp med å leve i relativ tryggleik i dagens samfunn.

– Slik refleksjon kan kanskje vere ei lita motvekt for det overveldande negative inntrykket ein ofte får servert i nyheitene, understrekar han.