La humla suse, det er biene sin dag – og i år er den ekstra aktuell

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Men korleis var det no igjen, med blomsteren og bia? For at det skal bli danna frø som blir til frukt eller bær, er blomsteren avhengig av at pollen blir flytta frå ein blomster til ein annan. I mange tilfelle må blomsteren ha besøk av eit insekt.

Og heile 84 prosent av avlingane i Europa er ifølge Noregs birøktarlag avhengige av bier som pollinerer, og 30 prosent av maten vi et er direkte eller indirekte avhengig av pollineringa bier gjer.

I Noreg er omtrent ein firedel av pollinerande insekt førte opp på den norske raudlista fordi dei er i fare for å bli utrydda. At fleire nylege rapportar varslar tilbakegang for insekta og det biologiske mangfaldet, gjer dagen ekstra aktuell.

Les også: Konsekvensane blir høgst sannsynleg dramatiske, viss ein stor del av insekta i verda kravlar vidare i retning utrydding.

Ulike beiteområde

Foto: Kjersti Kildahl / Norsk institutt for bioøkonomi

Bjarte Tennfjord er birøktar. Han flytter kubane til ulike beiteområde gjennom sesongen for best resultat. No er mange av biene hans i frukthagar i Hardanger, og når fruktbløminga er over der, vil han køyre biene til Voss, der dei skal sanke nektar frå blomstrande villbringebær.

Han forklarer at ved god tilgang på næring, varmt vêr og lang sesong kan ei kube med mange bier gi 50–60 kilo honning.

– Vêret har enormt mykje å seie for utviklinga i kuben og for honningutbytet, seier Tennfjord i ei pressemelding frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Dei siste åra har honningbia, som er tam, fått eit oppsving gjennom blant anna entusiastar som går i gang med eiga birøkt. Hotell Terminus i Bergen har hatt fire bikubar frå Bjarte Tennfjord på taket sidan 2013, til glede for honningglade hotellgjestar. Der produserer dei eit par hundre kilo honning kvart år, og personalet har bytt ut mange prydplantar med nyttevekstar i hotellhagen.

Frå taket på Hotell Terminus i Bergen har dei fire bikubar, og produserte i fjor eit par hundre kilo honning. Foto: Kjersti Kildahl / Norsk institutt for bioøkonomi

Les også: 60 prosent av jordas dyreliv er utrydda – WWF etterlyser Paris-avtale for å redde mangfaldet på kloden.

Rekkevidde og blomstring

For at insekta skal kunne pollinere, må blomstrande plantar finnast innan rekkevidde. Insekta må òg kunne hente næring gjennom heile sesongen. Det skjer naturleg når ulike blomsterartar blomstrar til ulik tid.

Line Johansen er kulturlandskapsforskar i NIBIO, og har jobba mykje med naturtypar som blomstereng, slåttemark og kystlynghei. Dette er viktige leveområde for pollinerande insekt.

– Blomstereng, slåttemark og kystlynghei er alle rekna som trua naturtypar, fortel Johansen i pressemeldinga frå NIBIO.

Slåttemark er kritisk trua, noko som betyr at naturtypen har stor risiko for å forsvinne dei neste 50 åra.

Kor mykje kan du om berekraft? Ta quizen her! 

Mange blomstrar er avhengige av insekt for pollinering. Foto: Ellen Svalheim / Nibio

Bier auka frukt- og bærproduksjonen

I Hordaland og Sogn og Fjordane har prosjektet PolliVest jobba for at honningbier til bruk i frukt- og bærdyrking skal auke produksjonen av både eple, pærer og plommer.

Bønder som brukte bikubar oppnådde nær 32 prosent større avling i gjennomsnitt av tre år. 15 prosent avlingsauke i frukt på dei tre mottaka i dei to fylka utgjer cirka 10 millionar kroner årleg, ifølge Grofondet og Njøs Næringsutvikling.

Les også intervjuet med Ivar Baste frå Miljødirektoratet: – Naturen har aldri levert meir mat, energi og materiale enn den gjer no, men kor berekraftige mange av desse tenestene er, er et stort spørsmål.