Fleire tusen tok beina fatt i DNT-marsj mot vindkraft

Friluftsentusiastar har gått over 29 millionar skritt i «Støttemarsj for naturen».

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vindturbinar på land er ein del av løysinga, men berre ein liten del. Me kan ikkje ofra naturområde som betyr så mykje for oss som land og folk når dei viktigaste bidraga til det grøne skiftet ligg andre stader, seier Per Hanasand, styreleiar i DNT i ei pressemelding.

29 millionar skritt

Søndag arrangerte Den Norske Turistforening «Støttemarsj for naturen» 22 stader i landet. Ifølgje NRK deltok 4400 turgåarar i protesten mot vindkraftutbygging på land.

I løpet av veka har engasjerte vandrarar registrert over 29 millionar skritt til støtte for aksjonen, ifølgje DNT.

Hanasand meiner oppslutninga er ei tydeleg melding til politikarane om at dei må velje effektive klimatiltak som øydelegg minst mogleg natur.

Les også: NVE anbefaler to område for havvindproduksjon

Motstandsvilje

Engasjementet har vakse fram etter at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) offentleggjorde kartet over dei mest eigna områda for vindkraftutbygging.

– Motstanden mot vindkraft er aukande og stadig fleire får auga opp for kva som blir unødvendig ofra på vegen mot det grøne skiftet, seier Hanasand i pressemeldinga.

Les intervju med den nye DNT ung-leiaren: – Vil at mine barnebarn skal få oppleve gleda av urørt natur

Markus Malmin tek over ansvaret for DNT ung dei neste to åra. Foto: Monica Hägglund Langen/DNT Ung