DNT Ung-leiaren sine tips til din første lange påsketur

Du kan låna skiutstyr og handla på loppis, men vurder eigne ferdigheiter og ikkje gløym fjellvettreglane.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Kvart år har DNT Ung-leiar Benedicte Sivertsen (22) ansvar for ein stor påsketur, som ho skildrar som årets høgdepunkt.

I år er dei to turleiarar og fire deltakar som skal gå ei klassisk krevjande rute i indre Troms.

90 kilometer på ski

Turdeltakarane reiser saman frå Tromsø og startar frå Gálggojávri langs E8 i Skibotendalen, der deltakarane skal gå til Goldahytta, Gappohytta, Rostahytta, Pältsa Fjälstuga i Sverige og tilbake til Goldahytta og Gálggojávri.

På den seks dagar lange turen skal deltakarane tilbakeleggja over 90 kilometer på ski, der distansane varierer frå 12,5 til nesten 19 kilometer dagleg.

Benedicte Sivertsen likar seg godt ute i naturen. | Foto: Privat

– Kva er ditt råd til personar som skal ut på ein lengre vinterskitur for fyrste gong? 

– Det kan vera fint å syta for å gå saman med andre som har erfaring, som kan vera med å planleggja og syta for at du har nokon som kan rettleia deg når det trengst.

Elles meiner ho fjellvettreglane samanfattar godt kva ein bør tenkja før tur og undervegs.

Fjellvettreglane

  1. Planlegg turen og meld frå kvar du går.
  2. Tilpass turen etter evne og forhold.
  3. Ta omsyn til vêr- og skredvarsel.
  4. Ver førebudd på uvêr og kulde, sjølv på korte turar.
  5. Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre.
  6. Ta trygge vegval. Kjenn igjen rasfarleg terreng og usikker is.
  7. Bruk kart og kompass. Vit alltid kvar du er.
  8. Vend i tide, det er inga skam å snu.
  9. Spar på kreftene og søk ly om nødvendig.

15–18 kilos sekk

DNT Ung får gjerne spørsmål om det er krav til kunnskapar om kart og kompass på turane deira, noko det ikkje er.

Mange lurar òg på om dei vil klara distansen og kor tung sekk dei må rekna med å ha.

Sivertsen anslår at ein godt pakka vintersekk veg 15–18 kilo, litt avhengig av kor mykje og kva type mat du ber med deg.

– Går ein med pulk kan ein unna seg å ha med litt meir, men då er det andre krav til skiferdigheiter, spesielt nedover, understrekar Sivertsen.

Vindsekk og førstehjelpsskrin er med. Som turleiar pakkar ho heller litt for mykje enn lite, både når det gjeld mat og klede.

– Det er alltid eit lite triks å ha med ekstra ein kan snacks dytta i folk i tøffe motbakkar.

Låneutstyr

– Kor mykje utstyr må ein investera i for ein slik tur?

– Det er eigentleg veldig mykje mindre enn mange skulle tru. Me har deltakarar som har lånt alt av skiutstyr frå BUA. Mange trur dei treng det nyaste matchande skalsettet, men ein kan fint ha ein gamal ullgenser og anorakk kjøpt på loppis. Det viktigaste er at det er varmt.

DNT Ung-leiaren opplever at det kan vera stor variasjon i kor godt rusta personar trur dei er til lengre turar.

– Eg opplever ofte at anten så er du veldig godt kvalifisert og trur ikkje at du er det sjølv, eller så er ein ikkje kvalifisert og trur du er det.

DNT Ung-leiar Benedicte Sivertsen på ski i bunad. | Foto: Privat

Hennar råd vert difor å sjå på avstandane ein må gå dagleg og om ein har gått tilsvarande distansar på ski før. Spør deg sjølv om det var fint og koseleg undervegs eller strevsamt.

– Kva er viktig for trivselen undervegs?

– Eg trur det er viktig å halda seg samla og at det er ei gruppe der ein føler det er rom for å seia «no er eg sliten». Så er det viktig å drikke jamt og at ein ikkje går seg tom.

Kake og badetøy

– Kva er ditt beste tips for kos på hyttene?

– Eg plar alltid ha med kake eller ein god dessert som deltakarane ikkje veit om på førehand. I tillegg til «bli kjent-leikar», som skapar god stemning.

– Har du med noko luksus?

– Ein kan spørja seg om det er luksus, men eg er veldig glad i å bade heile året, så eg har alltid med badetøy.

– Kva er ditt beste boktips til påska?

– Koke bjørn av Mikael Nemi. Eg synast det er ei spanande bok, med ein uventa slutt!