Sanningskommisjonen vil bruke sju språk for å kartlegge fornorsking

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommisjonen, som blir leidd av tidlegare statsråd Dagfinn Høybråten, har fått i oppgåve å granske verknaden og konsekvensane av fornorskingspolitikken som vart ført heilt frå 1700-talet og fram til 1960-åra.

Nettsidene blir tilgjengelege på kvensk, sørsamisk, lulesamisk, nordsamisk, norsk, finsk og engelsk.

– Det er viktig at alle skal få kommunisere på sitt eige språk, seier Høybråten.

Kor godt er ditt språkøyre? Sjekk kor mykje samisk du kan her, og kor god du er i kvensk her!

Personlege forteljingar

I tillegg til at ein blir oppmuntra til å sende inn personlege forteljingar på nettsidene, vil kommisjonen arrangere opne møte og delta på arenaer der kommisjonen finn det formålstenleg å vere representert, som til dømes ved dei kvenske kulturdagane i Nord-Troms, på kvensk kalla Paaskiviikko.

– For kommisjonen er det viktig å møte folk for å høyre kva dei har å fortelje. Dette skal gjerast gjennom opne møte der heile kommisjonen er til stades, seier Høybråten.

Han legg til at kommisjonen vil halde fram med møta i åra framover.

Kommisjonen må vere ferdig med arbeidet sitt innan 1. september 2022 og skal overlevere rapporten til Stortingets presidentskap.

Les også: Med filmen «Samene har rett» vil reindriftssystrene visa stoda i dag

Filmen avsluttar med ein hyllest til moderne samiske heltinner. Elle Márjá Eira er andre frå venstre. Foto: Ken Are Bongo