Regjeringspartia vil ha målretta tiltak for nynorsk

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 14.05.2019 08:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I merknadene til innstillinga som familie- og kulturkomiteen på Stortinget behandla ferdig denne veka, etterlyser representantane frå Høgre, Venstre, Framstegspartiet og KrF tiltak som kan betre situasjonen for dei som bruker nynorsk.

«Flertallet er positive til at meldingen anerkjenner rikdommen Norge har med to norske skriftkulturer og skriftspråk – nynorsk og bokmål. Flertallet mener at i arbeidet med den kommende språkloven og språkmeldingen er det viktig med målrettede tiltak som bedrer situasjonen for nynorsk og nynorskbrukerne, som er i mindretall», heiter det i innstillinga frå komiteen.

Har du innspel til språkmeldinga? Då vil regjeringa høyre frå deg. 

Strålande fornøgd

– Det er strålande, seier leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag.

– Dette viser at det politiske miljøet ønskjer å gjere det lettare å vere nynorskbrukar. No må det vedtakast ei offensiv ny lov som tar utgangspunkt i at bokmål og nynorsk ikkje tevlar på likt grunnlag. Fleirtalsinnstillinga peikar på at konsekvensane for nynorskbrukarane må med i rekneskapen alle stader der det blir utvikla politikk, seier han.

Les også saka om at vernepliktige ikkje får ID-kort på nynorsk: – Det er absolutt eit bokmålsdominert forsvar, fortel Kristoffer Myklebust Egset.

Då Kristoffer Myklebust Egset (21) frå Ørsta avtente verneplikta fekk han ID-kort på bokmål og engelsk. Norsk Målungdom er uroa for korleis Forsvaret tek imot nynorskbrukarar.