Universitet og høgskular får 161 millionar til undervisningslokale

Fleire universitet og høgskular får auka løyving for å oppgradere undervisningslokala sine slik at dei legg til rette for nye undervisningsformer.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalt aukar regjeringa løyvingane til oppgradering frå 75 millionar kroner i fjor til 161 millionar kroner i år.

– Universitet og høgskular må gi rom for meir studentaktive undervisningsformer og bruke tradisjonelle forelesningar i litt mindre grad. Undervisningslokale, enten det er auditorium, laboratorium, verkstader eller fellesareal, er viktige faktorar for betre kvalitet i høgare utdanning, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Sidan institusjonane bidrar med eigne pengar i tillegg til dei 161 millionane som no blir delte ut, vil dette totalt gi oppgraderingar for til saman 415 millionar kroner.

Blant prosjekta som får støtte er eit operasjonssenter ved NTNU Gjøvik som skal brukast til å teste verksemder og personar for realistiske hendingar knytte til cyberangrep. Universitetet i Stavanger får pengar til å bygge om eit eldre skulebygg til skaparverkstad og barnehagelaboratorium for lærarutdanningane.

Les også om skulen der elevane «gamer» i timen: – Det gir elevane moglegheit til å dyrke fram ferdigheitene vi leiter etter 

Camilla Torvhol Frøystad kan godt tenke seg å satse på e-sport. Foto: Peder Skjelten