Skulda for å ha starta hiv-epidemien – frikjent etter 30 år

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frikjent for å ha starta hiv-epidemien

Ved sjukdomsutbrot som rammar mange, er det naturleg å leite etter startpunktet. Slike undersøkingar skjer både for å vere førebudd på vidare spreiing, og for å kunne forebygge ny epidemi. Funna gir også nokonå legge skulda på

Kokka med tilnamnet Tyfus-Mary er rekna for å ha smitta over 50 personar tidleg på 1900-talet. Den globale hiv-epidemien, som for alvor braut ut på 80-talet, har ei liknande historie.

LES OGSÅ: Kva er hiv?

Patient Zero
Kven var den fyrste amerikanske pasienten med hiv? Kven var skuldig i at så mange unge, homofile menn døydde utan at legane kunne gjere noko for dei? Svaret journalisten Randy Shilts presenterte i boka «And the band played on» i 1987, var ein fransk-kanadisk flyvert med namnet Gaëtan Dugas.

Det amerikanske Centre for Disease Control (CDC) fann fram til Dugas i 1982 då dei prøvde å kartlegge korleis viruset hadde spreidd seg frå California til New York. I journalen til Dugas noterte dei «Patient O», for «Outside of California», og Dugas var ein sentral person på karta over seksuell kontakt mellom mennene som var blitt sjuke.

O-en i journalen vart etter kvart tolka som ein null, både av legar og i media. Dugas fekk tilnamnet «Patient Zero», og har sidan blitt skulda for vere årsaka til at hiv-viruset vart spreidd på det amerikanske kontinentet.

LES OGSÅ: Som 21-åring måtte Jens Tekle venna seg til tanken på eit langt liv med merkelappen hiv

– Verken biologiske eller historiske bevis
Denne veka kunne eit amerikansk-britisk forskarteam endeleg frikjenne Dugas (biletet) frå rolla som skurk i hivepidemien. Evolusjonsbiologen Michael Worobay og historikaren Richard A. McKay har analysert blodprøver frå Dugas, og samanlikna resultata med blodprøver frå 8 amerikanske hivpasientar.

– Vi analyserte hiv-viruset til «Patient Zero», og fann verken biologiske eller historiske bevis for at han var den primære pasienten i USA, skriv forskarane.

Resultata viser også at viruset kom til USA allereie i 1970, frå Afrika gjennom Dei karibiske øyane.

Viruset som drepte Dugas i 1984 var ikkje identisk som viruset hos dei andre pasientane, og han kan difor ikkje ha smitta dei. Dugas og familien hans kan no legge historia bak seg.

– Det er ingen indikasjon på at han var noko anna enn ein av dei mange som vart smitta før sjukdommen vart oppdaga, sa Worobey til Nature.

LES OGSÅ: Kva er hiv?