Då Pride kom til bygda

Rune Sæbønes, styremedlem Bygdepride Ørsta/Volda
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Tema for Bygdepride i år er historie. Det er femti år sidan det fyrste Pride-opptoget, Stonewall-opprøret. Då tok skeive til gatene i New York, i protest mot trakassering frå politiet. Det vart starten på Pride-rørsla verda over, og som fyrste gong kom til Volda og Ørsta i fjor med Bygdepride.

Kampen skeive har ført for å oppnå like rettar, få aksept og hindre diskriminering, går lenger tilbake enn femti år. Her i Noreg har det vore ein kamp som steg for steg har gjort kvardagen betre for LHBT+-gruppene.

I fjor var det vår tur til å skrive historie.

I Bygdepride er vi særleg opptekne av skeive sine vilkår på bygda. Det var slik at mange berre flykta til storbyen for å kunne leve som den dei er. Andre valde å løyne. Det var skam.

I fjor var det vår tur til å skrive historie. Vi ville gjere folk frie frå skamma. Det er ingen grunn til å skamme seg. Og Bygdepride viste at bygdene våre er opne og tolerante. Fleire tusen deltok i paraden og på dei ymse arrangementa knytt til Bygdepride. I år har vi #frifråskam som motto.

Bygdepride gav resultat. Lokalt med at unge i dagane etter endeleg våga å fortelje om heile seg, at skeive søkte seg til Høgskulen i Volda, fordi dei visste at det var ein trygg stad å studere. I mange år har Volda ungdomsskule halde ein eigen Grand Prix, til glede for mange. I år var eitt av innslaga om Pride og kjærleik. Elevane vifta med regnbogeflagg og song om at kjærleiken er for alle. For nokre år sidan ville eit slikt innslag på ein lokal ungdomsskule vore heilt utenkjeleg. No er det berre heilt greitt.

Og kring om i landet dukka det ein bygdepride-arragementet opp, i mindre byar og på tettstader. Homofili smittar ikkje, men Bygdepride gjer det.

Homofili smittar ikkje, men Bygdepride gjer det.

Likevel, framleis lever fordommar. Framleis dukkar nettrolla opp, med meir eller mindre ufine og hetsande karakteristikkar. Det dukkar opp lesarinnlegg i lokalaviser som grensar til å vere hatefulle. Det er framleis ein risikosport for han og han eller ho og ho å gå hand i hand på ei gate i ein by eller i ei bygd. Og spesielt transpersonar vert framleis møtte med hets.

Vi i Bygdepride vil også sjå utover. Framleis er det slik at det i fleire land er fobod mot homofili. Skeive risikerer fengsel, tortur og dødsstraff – berre for å vise kven ein er glad i.
Difor held Bygdepride fram, for å protesterte, for å inkludere og for å feire dei slaga som er vunne. Samstundes som vi er klare over at det enno er kampar som må takast.

Vi gler oss til Bygdepride i Ørsta og Volda denne veka med arrangement frå onsdag til søndag. Vi ynskjer alle som deler verdiane våre om toleranse, aksept og kjærleik for alle hjarteleg velkomne til å vere med.

Les også reportasjen «Skeiv på Sørlandet»: I Noregs minst likestilte landsdel melder eit urovekkjande høgt tal bifile, lesbiske, homofile og transpersonar om psykiske helseplager.

– Jævla homo er ein klassikar, som eg har fått mange gongar, sa Ap-politikar Kai Steffen Østensen då Framtida.no spurte om kva negative kommentarar han har opplevd å få knytt til legning. Arkivfoto