Bergens Tidende-journalist får nynorskpris

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 14.05.2019 08:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er veldig stas og eg kjenner meg stolt når eg ser kva rekkje av dyktige journalistar som har fått prisen før meg. Takk, Ivar Aasen, seier no eg, for at vi har eit språk å skrive på, seier prisvinnar Kjersti Mjør i ei pressemelding frå sekreteriatet.

Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 14. juni, og Mjør får ta med heim 50.000 kroner og eit kunstverk.

Mjør har arbeidd i Bergens Tidende i kring 20 år, og rosar avisa for at ho kan bruke hjartespråket sitt:

– Eg kjenner òg på gleda over å kunne jobbe i ei avis der eg kan bruke språket mitt og skrive slik det er naturleg for meg. Det er ikkje sjølvsagt, seier Kjersti Mjør.

Les også: «Lovleg» får pris for levande nynorsk

Som å lese ein liten roman

I grunngjevinga si rosar juryen Mjør for si særeigne journalistiske stemme, ei dei meiner skin godt gjennom i Bergens Tidene både i papiravisa og i podkasten «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane». 

Sakene hennar er prega av stor varme for menneske, nysgjerrigheit og humor, skriv juryen, som meiner prisvinnaren utmerkar seg i korleis ho skildrar folk og deira liv og lagnader.

Samstundes skryt juryen av Mjør si evne til å få fram dramatikk og kjensler utan store ord og utbroderingar, men med eit språk som er klart og presist.  

Å lese ei langsak av Kjersti Mjør, kan kjennast som å lese ein liten roman, skriv juryen i grunngjevinga.

Juryen i år er leia av Solveig Barstad (i midten), programleiar i TV 2. Ho har med seg språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk ved Det Norske Teatret og professor Øystein A. Vangsnes, ved UiT Norges arktiske universitet og Høgskulen på Vestlandet. Foto: Adam Pietrzak/NRK

Les også: Nynorsk er ikkje nemnd med eitt ord i Mediestøttemeldinga

Tidlegare vinnarar av prisen

  • 2018: Harald Thingnes
  • 2017: Jens Kihl og Guri Kulås
  • 2016: Jon Hustad
  • 2015: Jan Zahl
  • 2014: Ingunn Solheim
  • 2013: Christian Wiik Gjerde
  • 2012: Katrine Sele og Hilde Sandvik
  • 2011: Njord V. Svendsen
  • 2010: Astrid Brekken
  • 2009: Ronny Brede Aase
  • 2008: Odd Reidar Solem
  • 2007: Kjell-Erik Kallset
  • 2006: Linda Eide