Norske bilar køyrde med mindre palmeolje på tanken

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalt vart det omsett 497 millionar liter biodrivstoff i fjor. Det er ein nedgang på 25 prosent frå 2017, ifølgje nye tal frå Miljødirektoratet. Nedgangen kjem av først og fremst ein kraftig reduksjon i import av palmeolje frå 317 millionar liter i 2017 til 93 millionar liter i fjor.

Samtidig auka omsetninga av avansert biodrivstoff med nærare 40 prosent, frå 140 millionar liter i 2017 til 200 millionar liter i 2018. Avanserte biodrivstoff blir ofte omtalt som «framtidas biodrivstoff», og blir laga av restar og avfall frå næringsmiddelindustri, landbruk eller skogbruk.

– Desse tala er positive, dei viser at politikken verkar. Palmeolje går ned, og avansert biodrivstoff går opp, sa klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) då tala vart lagde fram.

– Biodrivstoff kjem vi til å måtte bruke meir av i åra framover for å nå klimamåla. Då handlar det om at vi må ha det gode biodrivstoffet og varene som går inn i det, for å få effekten, heldt fram Elvestuen.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) la fredag fram kor mykje biodrivstoff som vart brukt i 2018. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

Les også om den britiske supermarknadskjeda Iceland som ikkje lenger vil bruke palmeolje i eigenprodukt. Men gjer det meir skade enn gagn?

– 93 millionar liter for mykje

Då Miljødirektoratet presenterte biodrivstofftala i fjor, viste utrekningar frå Regnskogfondet at den norske bruken av palmeolje førte til rasering av 220 kvadratkilometer regnskog og 1,5 millionar tonn høgare CO2-utslepp enn ved bruk av fossil diesel.

Regnskogfondet meiner at den betydelege nedgangen i palmeoljebruk er gledeleg, men at mengda palmeolje brukt på norske tankar framleis er uforsvarleg høg. Ifølgje utrekningane deira førte palmeoljebruken i 2018 til 300.000 tonn høgare klimagassutslepp enn dersom det hadde vorte brukt fossil diesel.

– Det er eit paradoks at det framleis blir omsett store volum av palmeoljediesel som fører til endå høgare klimagassutslepp enn den fossile dieselen den skal erstatte. Så lenge dette held fram, undergrev det biodrivstoffsatsinga, seier leiar for nullavskogingsprogrammet i Regnskogfondet, Nils Hermann Ranum.

Les også om CO2-svampane som skal gjere klimagassar om til drivstoff: – Det kan ikkje redde heile verda i seg sjølv, mest sannsynleg, men det kan bidra!

Positiv utvikling

Transportsektoren i Noreg står for rundt ein tredel av dei samla årlege norske CO2-utsleppa på 50 millionar tonn. Til saman vart det omsett 4,1 milliardar liter drivstoff i fjor, og flytande biodrivstoff utgjorde omtrent 12 prosent av det totale volumet.

Miljøstiftinga Zero synest det er positivt at omsetningsvolumet av avansert biodrivstoff har auka det siste året.

– Berekraftig biodrivstoff vil vere avgjerande for at transportsektoren når måla om utsleppskutt og utfasing av fossile drivstoff. Transportsektoren treng større volum av biodrivstoff med høg klimanytte, seier transportansvarleg Christine Holtan Bøgh i Zero.

Les også: – Oppsiktsvekkande at ikkje fleire satsar på elbil

Palmeolje

I Noreg er det eit omsetningskrav for biodrivstoff til vegtransport som betyr drivstoff i 2018 måtte ha 10 prosent biodrivstoff blanda inn. 1,75 prosent av dette biodrivstoffet skulle vere avansert.

Salet av biodrivstoff i Noreg blir dominert av Esso, Circle K, Uno X og St1.

Fredag la Miljødirektoratet òg fram tal som viser at berre Esso, St1 og Eco1 hadde palmeolje i drivstoffet sitt i fjor.

I vinter opplyste Esso at selskapet ikkje kjem til å importere palmeolje til bruk i biodrivstoff i 2019. Frå før har Circle K, Uno X og YX tatt avstand frå bruken av palmeolje til biodrivstoff.

Les også om Margit Fausko (25) som køyrde frå Porsgrunn til Göteborg på biogass: – Det er kjempebra at ein kan bruke avfall til å lage nyttige produkt

Margit Fausko var i sommar prosjektjournalist for biogassroadtrip 2018. I dag tek ho master i agroøkologi ved NMBU.