Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyleg fekk den britiske supermarknadskjeda Iceland forbod mot å sende reklamefilmen sin om den vesle orangutangen Rang-tan på TV i jula.

Filmsnutten varer i drøye eitt og eit halvt minutt og viser ein orangutang på rommet til ei lita jente. Forteljarstemma, den kjende britiske skodespelaren Emma Thompson, forklarer at orangutangen er i heimen hennar fordi menneska har øydelagt heimen hans, regnskogen, i jakta på palmeolje.

Reklamefilmen er dedikert til «dei 25 orangutangane som døyr kvar dag», og Iceland skriv at dei fjernar palmeolje frå alle sine eigenprodukt.

Sjå filmen her:

Les også: Forskarar: – Vi må redde primatane

Treft ei nerve

Endå den nok ikkje kjem til å rulle over TV-skjermane, så har videoen 3,6 millionar avspelingar på Youtube. Den har verkeleg treft ei nerve. Tysdag morgon har nesten 700 000 signert eit opprop for å få den sendt på TV trass forbodet.

Reklamen er blokkert av reguleringsorganet Clearcast fordi den vert rekna som ei politisk reklame, og politisk reklame er forbode i Storbritannia.

Ifølgje det amerikanske magasinet Wired, så er det verken innhaldet eller bodskapen som er grunn til at videoen vert øyremerka som politisk, men opphavsorganisasjonen.

For filmsnutten er ikkje laga av Iceland, sjølv om butikkjeda ville bruke den for å reklamere for sine produkt. Det er Greenpeace som har laga den. Greenpeace fell under kategorien «eit organ som er fullstendig eller hovudsakeleg av politisk natur» i dei britiske kringkastingsreglane, og organisasjonar av den typen slepp ikkje til på britisk fjernsyn.

Les også: – Vi klarar ikkje å redusere klimautsleppa utan regnskogen

Kor stor klimasyndar er palmeolje?

Bodskapen i filmen er at vi, både som produsentar og forbrukarar, må slutte å bruke palmeolje. Utvinning av oljen fører til avskoging som igjen er fatalt både med omsyn til dyreliv og klimaendringar.

Men dette er ei sanning med modifikasjonar. Økolog og professor ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, Douglas Sheil, seier til Wired at palmeolje i seg sjølv verken er betre eller verre enn andre avlingar.

– Ananas, sjokolade, kaffi, bananar, rørsukker, soya, kokosnøtter, vanilje og så vidare, og også kjøtfe, erstattar også regnskog, seier han.

Og nokre fagfolk meiner det vil føre til større skade enn gagn å fullstendig slutte med palmeolje.

Les også: 60 prosent av jordas dyreliv er utrydda

Vinninga går opp i spinninga

– Palmeolje brukar faktisk mykje mindre land enn andre etande oljer og matkjelder for å produsere same mengda mat, seier Dr. Jake Bicknell i eit intervju med KMTV, ein lokal TV-stasjon frå Kent i søraustlege England.

Han er postdoktor hjå Skulen for antropologi og bevaring ved Universitetet i Kent, og arbeider no med eit forskingsprosjekt om biologisk mangfald og økosystem-prosessar i tropiske skogar som er påverka av menneskeleg aktivitet.

Forskaren held fram:

– Spørsmålet er: om vi ikkje brukar palmeolje, kva er alternativet? Alternativet er kanskje soyaolje, og det krev mykje meir land og har like mykje skuld i avskoginga.

Bickenell fryktar at dersom ein forbyr palmeolje vil ein rette etterspurnaden mot avlingar som er større klimasyndarar og krev meir avskoging.

Han oppmodar Iceland til å heller samarbeide med industrien for å gjere produksjonen meir berekraftig, og regjeringar til å krevje sertifiserte produkt. Sertifisert palmeolje vil nok vere dyrare, men skal òg vere produsert utan avskoging.

Sjå heile intervjuet her: 

Les også: – Svalbard er ein varsellampe for kva som kan komme til å skje

Kva kan eigentleg du om klima og berekraft? Ta quizen her!