Embla (22) i Changemaker: – Eg har nok definitivt vorte mindre audmjuk
Changemaker-leiar Embla Regine Mathisen fekk fornya tillit i leiarvervet. Etter sitt første år i sjefsstolen møter 22-åringen politikarar, meiningsmotstandarar og uventa situasjonar på ein ny måte.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På årsmøtet til Changemaker i slutten av april vart det klart at sitjande leiar Embla Regine Mathisen får fornya tilliten. Med eitt års erfaring bak seg som leiar har Mathisen vorte meir komfortabel i rolla:
– Eg har nok definitivt vorte mindre audmjuk i møte med visse politikarar og meiningsmotstandarar. I livet som leiar endar ein ofte opp i nye situasjonar. Det er nok noko som stressa meg litt før, men som eg verkeleg har begynt å like, skriv 22-åringen i ein e-post til Framtida.no.
– Og så har eg fått ein utruleg mykje betre organisert e-postinnboks!
På epleslang for bistanden sin del
Den gjenvalde leiaren har vore medlem i Changemaker sidan ho var 15 år, men samfunnsengasjementet strekk seg lenger tilbake enn som så. Mathisen fortel at ho nok alltid har vore oppteken av rettferd, nesten så mykje at det tidvis var plagsamt då ho var barn:
– Eg prøvde mellom anna å tene inn pengar ved å selje epleslang for å donere til bistandsorganisasjonar. Så vart eg litt eldre og innsåg at det ikkje var nok: Verdas skeive fordeling var jo på ingen måte tilfeldig. Det ligg så mykje bak. Så mange interesser, strukturar og politikk som skapar ulikskap og urettferd.
Les også meiningsinnlegget om bistand: «Å gi etter evne utan dårleg samvit bør vere idealet»
Håplaus og full av håp
Først då ho gjekk inn i Changemaker fann Mathisen ein måte å kjempe mot desse strukturane. Ho er også klar på at organisasjonen framleis har ei viktig rolle å spele i 2019:
– Fordi vi diverre lever på ein klode som bognar av ressursar, men kor det likevel er millionar av menneske som lever i fattigdom, som lever på flukt og som får sine grunnleggjande rettar brotne.
Denne urettferda meiner Mathisen er skapt av menneske gjennom strukturar som held i live og forverrar ulikskapane i verda. Det gjer ho både håplaus og full av håp på same tid.
– Håplaus fordi berre tanken på at det finst menneske som set eigen gevinst over andre sine rettar er forferdeleg, men det gjev meg også håp fordi det også er eit bevis på at menneske kan skape endring så lenge vi jobbar for det.
Verdas skeive fordeling var jo på ingen måte tilfeldig
Gjennom Changemaker meiner leiaren at ungdom får sjansen til nettopp dette:
– Ungdom over heile verda har ei enorm mogelegheit til å bruke vår tid på kloden til å gjere den litt betre. Til å bryte ned desse strukturane, til å skape varmare samfunn i staden for ein varmare klode.
– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom når fram til dei som styrer?
– Eg trur det er sjukt mykje enklare enn vaksne trur. Dei må berre spørje oss om korleis vi ynskjer å verte inkluderte, og så gjennomføre det.
Les også om ungdomen som skal sikre at born vert høyrde i lokalvalet: – Sjølv om barn ikkje har stemmerett i Noreg, så bør vi ha ei stemme
Klima på dagsorden
I sitt første år som leiar er Mathisen særleg stolt over at Changemaker bidrog til å stoppe alle nye sal av krigsmateriell til Saudi-Arabia.
– Det har vi jobba for i over 10 år så det er ein verkeleg stor siger!
– Kva er dei viktigaste sakene for Changemaker anno 2019?
– Klima! Både gjennom arbeidet vi gjer med å organisere skulestreikane saman med ei rekkje andre, og gjennom vår nye hovudkampanje om klimafordrivne og deira rettar, som lanserast til sommaren.
Les meir om skulestreiken i mars, og den komande skulestreiken i slutten av mai.
Noreg må setje menneskerettar over eigeninteresser
– Kva er dine personlege hjartesaker?
– At alle har rett på å vakse opp utan krig, fattigdom og dei katastrofale konsekvensane av klimaendringane. Og at norsk politikk bidreg positivt i kampen mot urettferd.
– Kva er idealsamfunnet?
– Ei verd med lik og rettferdig fordeling av ressursar og makt, der Noreg sørgjer for å setje menneskerettar over eigeninteresser.
Fakta
Yrke: Leiar i Changemaker
Favorittfag på skulen: Teaterhistorie (eg gjekk på Steinerskolen)
Ulike verv du har/hatt: Mange ulike ting i Changemaker i mine 7 år i organisasjonen, elevrådsleiar på vidaregåande
Kva organisasjonar/parti er/har du vore medlem i: Mange parti-politisk uavhengige, dei fleste er eg fortsatt medlem i. Sparar det å melde meg inn i noko parti til seinare.
Kva gjer du i fritida/hobby: Likar å oppdage nye delar av Oslo, dra på teater og ete god mat!