Velgjerande bismak


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då eg var barn melde mamma oss inn i Redd Barna og vi fekk eit fadderbarn som heitte Terensio. Eg hugsar at dei ikkje visste kor gamal han var, men at han sannsynlegvis var fødd i 1991 – altså var han berre eit år yngre enn meg.

I alle år følte eg at Terensio – den fattige guten som budde i ei stråhytte med familien sin – var mitt ansvar. Mamma hadde sette meg opp som fadder, og all post frå Redd Barna var adressert til mitt namn. Det gjorde at eg følte eit enormt ansvar for denne guten.

Av rein pliktkjensle bladde eg gjennom all post eg fekk. Eg fekk teikningar og handskrivne brev, i tillegg til bilde der han stod med foreldra og brørne sine. Dei hadde lite klede, og såg svært alvorlege ut.

Tanken på at alle borna fekk gåver utanom Terensio fekk meg til å døy innvendig.

Konstant dårleg samvit

Med dei neste breva eg mottok bygga det seg opp dårlege samvit i meg. Eg hugsar spesielt at eg fekk eit brev frå Redd Barna om at eg kunne sende pakke til Terensio. Ved sidan av teksten var det eit bilde av mange fadderbarn som hadde fått gåver frå sine fadrar.

Lille meg kjende at det knytte seg i magen. Tanken på at alle borna fekk gåver utanom Terensio fekk meg til å døy innvendig.

I fleire månadar gjekk eg rundt med konstant dårleg samvit. Ein kveld eg låg i senga og skulle sove, kom mamma inn og sette seg på sengekanten. Eg spurde om vi kunne sende ei gåve til Terensio, for alle dei andre fadderbarna fekk gåver. Ho svarte at det haldt lenge med å gje alle dei pengane vi gav kvar månad. Dessutan trudde ho at dei færraste fekk slike gåver i tillegg.

Kven skal ein hjelpe?

Den natta må vere ei av dei beste eg hadde sove på lenge. Eg skjønte kva det ville seie at fleire kilo forsvann frå skuldrene, for akkurat slik kjentest det då mamma forklarte meg at eg ikkje skulle ha dårleg samvit for Terensio. Vi hadde jo trass alt vore med og brødfødd han i lang tid.

I ettertid ser eg at det å ha eit fadderbarn var eit altfor stort ansvar for meg i ein alder av ni år. I dag har eg eit betre, men likevel usikkert forhold til det å gje til velgjerande organisasjonar. Det er så mange der ute som treng støtte, kven skal ein velje og kven vel ein då bort? At så mange treng hjelp, gjer meg rådvill og tiltakslaus.

Slik er det ikkje med samboaren. Han slit med å takke nei til dei som står på gata, og kan finne på å kome heim med nye medlemskap i ulike organisasjonar. Vi får framleis post frå Kirkens Nødhjelp etter at han gav 500 kroner for eit par år sidan.

— I kveld kom han heim igjen med ei ny brosjyre, fortalde venninna mi her om dagen. Typen hadde betalt for eit nytt medlemskap i ein eller annan frivillig organisasjon, sjølv om han som student hadde lite frå før. Min samboar er altså ikkje den einaste.

Gje etter evne

Og sånn er det kanskje av og til – dei som har lite veit korleis det er å trenge noko. Derfor gjev dei pengar som dei sjølve hadde hatt bruk for. Det er i alle fall ein grunn til at dei fleste som jobbar på gata med å selje medlemskap står utanfor universiteta og ofte stoggar dei unge. Dei har sjølve fortalt meg at dei fleste som takkar ja, er unge studentar.

Vi kan ikkje hjelpe alle. Men min familie har hjelpt Terensio og hans familie.

For meg er det viktig at velgjerande formål ikkje heng saman med dårleg samvit eller plikt, men av eit ønske om å hjelpe. Det var ikkje noko god kjensle å føle at eg ikkje gjorde nok. For nokon kan slik «reklame» om å gje meir enn det ein allereie gjev, skape grunnlag for negative kjensler heller enn gleda ein burde få av å gje.

I dag gjev eg dersom eg har pengar til overs. Og det bør vere idealet – å gi etter evne.

Vi kan ikkje hjelpe alle. Men min familie har hjelpt Terensio og hans familie. Eg veit ikkje kvar det har blitt av han i dag, men eg håpar at han fekk eit litt betre liv på grunn av mamma. Sjølv om han ikkje fekk noko gåve den gongen.