Han vil stikke kjeppar i hjula for sykkeltjuvar og global oppvarming

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 13.10.2019 20:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi må sykle meir, og då må vi vete at syklane står trygt, seier Tord Hafnor.

Han har starta bedrifta Velonor som skal importere smarte og tjuverisikre sykkelstativ frå Estland. Det skal få fleire nordmenn til å setje frå seg bilen, og ta sykkelen fatt.

Les fleire saker om lokal klimarisiko og klimaløysingar her. 

Tilfeldig gründer

Som ivrig syklist synest Tord Hafnor det er upraktisk og lite effektivt å dragse med seg sykkellås kor enn han trør. Sjølv held han til i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane der sykkeltjuveri ikkje er noko utbreidd problem. I byområde er det derimot ei stor utfordring.

Tal frå SSB syner at 13 641 syklar vart meldt stolne i 2017. Året før var talet endå høgare, då var 15 024 syklar sakna i Noreg. Særleg Oslo har vist seg å vere eit Bermuda-triangel for syklar, og står åleine for kring ein tredjedel av meldingane.

– Eg hadde ein idé om at det var lurt å integrere sykkellåsen i stativet, fortel Hafnor.

Etter å ha granska litt fann folkehøgskulelæraren ut at ei estisk bedrift hadde kome han i forkjøpet:

– Eg tok kontakt for å høyre om det er mogeleg å få installert stativet her på Sandane, men dei hadde ingen som kunne selje meg det i Noreg. Så då balla det på seg, og vips!

Plutseleg vart Tord Hafnor gründer.

Les også: CO2-svampar skal gjere klimagass til drivstoff

Smarte sykkelstativ

Slik vert syklane låst fast i det smarte stativet. Foto: Velonor.

Bedrifta hans Velonor skal importere og selje såkalla Bikeep-stativ. Det skal vere sikrare enn andre stativ ved at ein stor metallbøyel låser både sykkelramma og eit hjul fast med tre kontaktpunkt.

Stativet kan aktiverast med kort og har ein RFID-lesar, som er same teknologi som chipen i bankkortet.

– Elles kan ein bruke ein app, der du også får eit kart som viser kor stativa er i nærleiken og du kan også sjå om der er ledige plassar, forklarer Hafnor. 

Dersom nokon freistar å bryte opp stativet vil ein alarm gå av. 

– Det er viktig at det er lett å bruke og sikkert. Dette stativet er intuitivt i bruk. Har du gjort det ein gong, så skjønnar du greia, seier gründeren.

– Stort sett alle syklar passar, fortel importør Tord Hafnor. Foto: Velonor.

Som tilleggsval kan kvar parkeringsplass ha eit låsbart skap med eige støpsel slik at ein kan lade elsykkel. Då skal ikkje rekkeviddeangst lenger vere er ei unnskyldning for elsyklistar:

– Men du må ha med eigen ladar til elsykkelen din, for der er ingen standard plugg eller spenning til elsyklar, forklarer Hafnor. 

Les også reportasjen om nederlendarane som skal køyre 6000 kilometer med elbil: Frå kontinentet til polarsirkelen. 

Må tilretteleggje for sykkelmåla

Førebels har Hafnor retta seg mot kommunen og det lokale næringslivet for å få sett opp eit slikt sykkelstativ i Gloppen. Men han meiner stativet må vere midt i blinken for store byar som vil oppmuntre bebuarane til å la bilen stå i ro:

– Eg er veldig interessert i at vi skal sykle meir for å nå sykkelmåla. Då må vi tilrettelegge på alle vis, seier Hafnor og viser til regjeringa sine målsetjingar i transportpolitikken. 

I Nasjonal transportplan som gjeld frå 2018 til 2029 er det eit mål at sykkeldelen i landet skal auke til 8 prosent innan 2023. I byområda skal heile 20 prosent av persontrafikken vere på sykkel. Samstundes skal all vekst i persontrafikk takast med kollektivtransport, sykkel eller gange.

Ein ny rapport frå Transportøkonomisk institutt syner at desse måla nok er vel ambisiøse. Rapporten ser mellom anna på dei ni største byområda i landet, og endå det er stor variasjon dei mellom, så er sykkeldelen i desse til saman 5 prosent.

I utgangspunktet er landsmålet altså meir innan rekkevidde enn bymålet, men også dette vil krevje ei kraftig auke i sykkelbruk: heile 75 prosent fleire sykkelreiser enn i dag. 

På den andre sida, dersom Oslo-området legg inn eit ekstra gir og når bymålet på 20 prosent sykkeldel, så vil dette åleine drage landsgjennomsnittet opp til 8 prosent. Men det vil også kreve ei firedobling av sykkeldelen i hovudstaden.

Les også: Forskaren sine beste tips for å leve meir miljøvenleg i 2019

Det må vere enkelt å redde klimaet

Hafnor trur eit auka tal syklistar vil krevje betre parkeringsmogelegheiter. Han meiner hans stativ er eit sikrare alternativ enn gateparkering, og mindre omfattande enn å byggje sykkelhotell:

– Det er jo ei blanding mellom enkelheit og klima. Det må vere enkelt om vi skal gidde å redde klimaet – og det har vist seg gang på gang.

– Bør kommunar prioritere dette over sykkelvegar?

– Det er ei satsing som bør gå parallelt. Skal ein få fleire til å sykle, så lyt ein gjere det lågterskel med både sykkelvegar og parkeringsplassane. Ein lyt sjå sykkelsatsinga under eitt.

Les også om Vaffelgutane som tek sykkelen fatt for å servere vaflar til heimlause i New York.

Lokal klimarisiko

Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om lokal klimarisiko og løysingar på klimaproblema. Framtida.no samarbeider med lokalaviser over heile landet, Landslaget for lokalaviser, ABC Nyheter og Energi og Klima om prosjektet fram mot lokalvalet i september. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord. Tips oss gjerne på tips @ framtida.no!