«Eg går på skule, ikkje kall meg hore»
– Verkelegheita er at mange jenter blir møtt med kommentarar om kropp, klede, seksualitet og utsjånad i skulegarden, skriv Frida Kristine Johansen.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta blei framført som ein appell under markeringa av kvinnedagen i Tromsø, og er omsett til nynorsk av redaksjonen.
I dag er ein viktig dag.
Vi feirar forbetringar. Og vi kjempar vidare.
Vi går saman, vi gløder saman – alle og einkvan.
Vi går for respekt.
Og vi går for ein skulekvardag der alle kan føle seg trygge.
Vår beskjed er klar:
«Eg går på skule, ikkje kall meg hore. Nei til seksuell trakassering i skulegarden.»
Ingen barn og unge skal måtte seie dette høgt.
Men verkelegheita er at mange jenter blir møtt med kommentarar om kropp, klede, seksualitet og utsjånad i skulegarden.
Å bli kalla hore.
Å få uønskte blikk.
Å bli ledd av viss ein seier ifrå.
Skulen skal vere ein plass for læring, ikkje frykt.
Ein stad for vennskap, ikkje skam.
Ein stad du kan vere deg – utan å bli eit rykte, eit symbol, eit ord.
Draumejobben min er å bli lærar. Eg krev ein trygg skulegang. Eg er ikkje eit objekt. Eg er ein elev. Ein framtidig lærar.
Når vi jenter blir kalla hore for måten vi kler oss, lærer vi at ansvaret ligg hos oss.
Men ansvaret ligg aldri hos den som blir trakassert.
Ansvaret ligg hos oss som samfunn viss vi ser på og ikkje seier ifrå.
Denne parolen handlar ikkje berre om ord.
Han handlar om retten til å gå på skule utan å vere redd.
Om retten til å vere ung utan å bli seksualisert.
Om retten til verdigheit.
Så i dag går vi ikkje berre for oss sjølv.
Vi går for dei som ikkje tør å seie ifrå.
For dei som har opplevd dette aleine – og for dei som kjem etter oss.
Fordi faktumet er at;
Vi treng vaksne som lyttar, skular som handlar.
Reglar som beskyttar,
og ein kultur som tydeleg seier ifrå om urett.
Vi må lære respekt tidleg.
Vi må lære samtykke.
Vi må lære at grenser skal respekterast,
og vi må lære at det å seie ifrå er modig – ikkje svakt.
Eg går på skule. Ikkje kall meg hore.
Nei til seksuell trakassering – i skulegarden.






