KrF vil freiste unge veljarar med klar avstand til venstresida

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis KrF skal greie å løfte seg over dei 3,5 prosentane dei har fått på meiningsmålingane den siste tida, var det store temaet då partiet heldt landsmøte på Sola i helga.

Ifølgje VG viser tal at KrF har ein eldre veljarmasse enn dei andre stortingspartia, noko partiet vanskeleg kan leve med på sikt. Tal frå Vårt Land viser at partiet særleg har slite blant unge kvinnelege veljarar etter det opprivande retningsvalet i fjor haust.

Les også: «Skjebnelandsmøte» er kåra til årets nyord av Språkrådet

– Ei utfordring

Ingen andre parti har dei siste åra mista fleire «av naturlege årsaker» enn det kristne sentrumspartiet, som berre i 2017 og 2018 mista heile 1.316 medlemmer.

– Vi har ei utfordring med å mobilisere totalt sett, og vi har òg ei generell utfordring med å rekruttere både unge og også småbarnsfamiliar, erkjenner KrFs nyvalde leiar Kjell Ingolf Ropstad overfor NTB.

– Vi skal jo vere familiepartiet, og her er det nokre skiljelinjer mot venstresida som blir viktige framover, og som kan gi auka oppslutning for partiet, held han fram.

– Mykje god politikk

Men alt er ikkje bekmørkt, meiner Ropstad.

– Til dømes er det jo slik at av 4.000 kandidatar til kommunevalet er det 500 KrFU-arar, så vi har mange unge på listene, påpeikar han.

Han meiner at partiet dessutan allereie leverer god politikk på område mange unge er opptatt av.

– KrFU er veldig opptatt av klima, kampen mot fattigdom og menneskerettsspørsmål, og eg opplever at vi klarer å løfte fram desse områda på ein god måte, seier partileiaren.

KrFU-leiar Martine Tønnesen var stolt over å ha auka barnetrygda og skuffa over at me ikkje er kome noko nærare ei løysing på klimakrisa og internasjonale konfliktar i 2019.

– Taktskifte

Ropstad trur ikkje retningsvalet med å gå inn i regjering med Høgre, Frp og Venstre har negativ betydning for oppslutninga blant unge.

– KrFU ønskte sjølv at vi skulle gå den vegen. Det er ikkje motsetningar mellom høgresida og interessene til unge, seier han.

– Til dømes, viss du er opptatt av kampen mot fattigdom, kan du gi meir pengar til fattige, eller du kan skape fleire jobbar, stille fleire krav mellom anna gjennom aktivitetsplikt og sørge for at fattige kjem seg i jobb, som er sentrumshøgre-svaret. Vi løftar same problemstillingar, seier Ropstad.

Han meiner dessutan at dagens regjering leverer betre på klima, ei anna viktig sak for mange unge, enn dei Ap-leidde forgjengarane sine.

Les også: KrFU stemte mot sjølvbestemt abort

Martine Tønnesen, leiar i KrFU. Foto: Beate Haugtrø

Martine Tønnesen, leiar i KrFU. Foto: Beate Haugtrø

«All over the place»

Også i ungdomspartiet skaper oppslutningsproblema blant dei under 30 år bekymring.

– Men vi i KrFU gjer eit stort arbeid med nettopp dette. Vi er ein god gjeng med mange gode folk som verkeleg står på for KrFs politikk, seier KrFU-leiar Martine Tønnessen til NTB.

Ho er samd med partileiaren i at det å vera tydeleg er nøkkelen til å løfte partiet, men trur at årsaka til at KrF slit på meiningsmålingane, er at dei ikkje har vore gode nok på å løfte fram politikken sin.

– No vedtar ein mykje politikk, har veldig mange meiningar og er litt «all over the place». Skal ein skilje seg ut frå dei andre partia, må ein vere tydelegare på kva ein står for, seier KrFU-leiaren.

Les også: KrFU vil halda på sidemålskarakteren