KrFU-leiaren:  – Stolt over å ha auka barnetrygda

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Kva har gledd deg mest i 2018?

– Eg er skikkelig stolt av og fornøgd over at vi har klart å auke barnetrygda. Det har ikkje skjedd på over 20 år.

Og det var året ein har sett lærarnorma tre i kraft på hausten. At det per 16. barn skal vere ein lærar, er ei veldig konkret politisk sak vi fekk gjennomslag for. Da det starta barn på skolen hausten 2018 var det fleire lærarar i klasseromma enn tidlegare, som eit resultat av KrF sin politikk.

– Kva har skuffa deg mest?

– At vi ikkje har kome noko nærmare noko løysing på krig og internasjonale konfliktar eller ei løysing på klimakrisa.

– Kva er ditt største ønske for 2019?

– At det blir eit år som står som eit spesifikt år i spørsmålet rundt miljø- og klimakrisa. At det skjer eit stort gjennombrot i 2019.

Eg håper òg at ein finn ein løysing på flyktningkrisa. Det er 68,5 millionar menneske på flukt i dag, så er det noko ein må ta på alvor. Det er jo snakk om enkeltmenneske.

Og sjølv om det er eit standardsvar- eg håpar på fred i verda, det er jo det ein gjer.

Les også: KrFU stemte mot sjølvbestemt abort