Vil ha 13-års aldersgrense på smarttelefonkjøp

Det politiske ungdomspartiet KrfU føreslår å innføre 13-års aldersgrense for kjøp av smarttelefon. Dei meiner det vil hjelpe foreldre med å seie nei til barn som ber om å få mobiltelefon.

Ragnhild Marie Kjosbakken
Publisert

Denne saka vart først publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.

Det sa KrFU sin leiar Hadle Rasmus Bjuland i NRK nyheitsmorgon.

Moderpartiet KrF meiner dette er ein god idé.

– Det å gi barn smarttelefon gjer noko med heile oppveksten til barn og unge, og derfor trur eg det ville vore klokt å sette ei slik type aldersgrense, seier KrF politikar Ida Lindtveit Røse til NRK.

Skeptisk

Christer Hyggen er forskar ved universitet OsloMet. Han trur ikkje forslaget frå KrFU er ei god løysing. 

– Her verkar det som KrFU sausar saman alle moderne bekymringar, om skjermtid, gaming, sosiale medium og nettmobbing, og skal løyse det med å ta mobiltelefonane frå barn, seier forskaren til NRK.