Færre ser TV og les papiraviser – meir tid går med til dataspel og internett

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser tal frå Norsk mediebarometer 2018 som Statistisk sentralbyrå formidlar.

– 30 prosent av befolkninga las papiraviser ein gjennomsnittsdag i 2018, mot 32 prosent året før, seier Emma Castillo Schiro, ansvarleg for barometeret.

Nedgangen i dei som les papiraviser i 2018 er liten i forhold til året før, men den negative utviklinga har gått føre seg lenge. I 1998 var delen papiravislesarar på 81 prosent.

Lesing av nettsidene til papiravisene, som VG.no og Aftenposten.no, har òg gått ned, medan fleire les andre nettaviser, som NRK.no og Nettavisen.

36 prosent las andre nettaviser i 2018, mot 32 prosent i 2017. Det var 64 prosent som las papir- eller nettavisene til Aftenposten og VG, mot 68 prosent frå året før. Totalt las 72 prosent av oss avis på papir eller nett i 2018.

Les du papiravis?

Les du papiravis?

Ja.20
Nei.13
Av og til.8
Sjeldan.6
Svar totalt: 47

 

Les også: Sosiale medium er den viktigaste nyheitskjelde for barn og unge

Eldre ser mest TV

Fram til 2012 såg over 80 prosent av befolkninga på lineær TV kvar dag. Sidan den gongen har trenden vore avtakande. I 2018 var det 55 prosent som såg lineær-TV ein gjennomsnittleg dag.

Tar vi med direktesend nett-TV, aukar delen til 60 prosent. Unge ser minst på TV.

– Delen TV-sjåarar er lågast i aldersgruppa 20 til 24 år, der berre 33 prosent ser på enten lineær-TV eller direktesend nett-TV. Dette er ein nedgang på 10 prosentpoeng frå 2017 for denne aldersgruppa, seier Schiro.

Den eldre delen av befolkninga ser mest på TV, heile 89 prosent av dei mellom 67 og 79 ser på TV.

Ser du linær-TV kvar dag?

Ja.
Nei, men ser direkte-TV på nett.
Nei, men ser av og til.
Nei.

Meir tid på nett og dataspel

91 prosent av nordmenn brukte internett ein gjennomsnittleg dag i 2018, ein oppgang på eitt prosentpoeng frå året før.

Tida vi bruker på internett har auka med ni minutt i 2018, til 2 timar og 47 minutt. Bruken av sosiale medium har òg auka betydeleg dei siste åra.

– Av dei som er på internett ein gjennomsnittsdag, hadde 73 prosent vore innom Facebook i 2018, og 63 prosent hadde vore innom andre sosiale medium, seier Schiro.

Dei mellom 16 og 24 år er dei meste ivrige brukarane av både sosiale medium og internett generelt, med ein gjennomsnittleg tidsbruk på 4 timar og 24 minutt i døgnet.

Les også om serious gamesDataspel som reddar liv

Åtte av ti barn speler dataspel

I fjor spelte 35 prosent digitale spel, mot 33 prosent i 2017. Delen er høgast for barn mellom 9 og 15 år, der 81 prosent spelte digitale spel dagleg i 2018.

Barn og unge bruker i gjennomsnitt 1 time og 20 minutt på dette per dag, som er ein auke på 16 minutt frå året før.

Har du lese denne? To elevar har granska korleis dataspeling og reaksjonsevne heng saman: – Skytespel har best effekt.

Michael Stautland og Erlend Fauskanger Ekberg speler ein god del sjølv. Foto: Svein Olav B. Langåker