No kan du velje korleis filmen skal ende sjølv

Janne Merete Bøyum
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Bandersnatch» er Netflix sin aller første interaktive film for vaksne. I løpet av filmen vil det fleire gonger dukke opp val som gjer at du sjølv får bestemme korleis handlinga skal gå vidare.

Vala kan verke heilt uskuldige: kva slags musikk du skal høyre på? Kva frokostblanding du skal ha? Skal du gå hit eller dit? Eller dei kan vere av det mørkare slaget: Vil du hoppe ned frå ein balkong? Vil du begrave nokon etter du har drepe dei, eller skal du kutte dei opp?

bandersnatch

Her får du to val som Stefan kan gjere. Øydelegge maskina eller slå i bordet. Kva ville du ha valgt? Foto: skjermdump Netflix

Les også: Magnus imponerer kritikarane

Ein del av eit etablert univers

Filmen er ein del av serien «Black Mirror». Denne serien er ein antologiserie, som vil seie at dei har som oftast dei same skodespelarane, men nye karakterar og historie for kvar sesong. Serien har til no tre sesongar, og ein spesialepisode i tillegg til filmen «Bandersnatch».

I  «Bandersnatch»-filmen er det opptil fleire «eastereggs», eller skjulte godbitar, frå dei tidlegare sesongane av «Black Mirror».

NETFLIX: I serien kan du blant anna velje å forklare hovudpersonen som leve på 80-talet kva netflix og interaktiv film er. Foto: Skjermdump frå Netflix

Les også: Norsk storsatsing frå Netflix: «Ragnarok» er på veg 

Du vel kva som skal skje

Serien er satt til England i 1984. Vi følgjer Stefan Butler, som programmerar videospel. Han ønskjer å lage eit «velg din eigen historie»-spel, som er basert på ei bok med det same konseptet. Dette er berre litt av meta-laga – kunsten som diskuterar seg sjølv – i filmen. Han får tilbodet om å utvikle spelet sitt for videospelselskapet, «Tuckersoft», der òg den kjente spel-skaparen Colin Ritman jobbar.

Korleis det går vidare, og om han får utvikla spelet, er det du som bestemmer!

bandersnatch

Stefan Butler, Colin Ritman og sjefen for Tuckersoft Mohan Takur sjekka ut det nye spelet til Ritman i serien. Foto: skjermdump Netflix

Gjennom filmen får du fleire gonger opp valalternativ. Då har du omlag ti sekund på å bestemme deg, viss ikkje går handlinga automatisk vidare.

Om vala dine føre deg på ville vegar, kan du få høve til å prøve på nytt eller gå til rulleteksten. Filmen kan difor ta alt frå 40 minuttar til 90 minuttar, alt etter kva val du tek og kva slutt du endar opp med. Wikipedia seier at det er 150 minuttar unikt filmopptak delt på 250 segment.

Bandersnatch

Av og til kjem du til eit punkt i serien der du må velje om du vil gå tilbake, gå til rulleteksten eller om du vil prøve ein del om igjen. Foto: skjermdump Netflix

Les også: Ser du for mykje på Netflix?

Er det dette sjåarane vil ha?

Filmen er den første interaktive filmen for vaksne på Netflix, men barn kan òg prøve seg på «Minecraft: Story mode» og «Pus i den magiske boka: Fanget i et eventyr». Vil dette verte den nye måten å sjå film på?

Her kan du sjå traileren:

https://www.youtube.com/watch?v=NO0PAt95OnY

Har du sett «Bandersnatch»?

Har du sett «Bandersnatch»?

Ja, det var gøy!24
Nei, men har lyst17
Ja, men det var ikkje bra2
Nei, det ser ikkje så gøy ut2
Svar totalt: 45

 

Les også: – Slepp nynorsken til, Netflix!