Sosiale medium er den viktigaste nyheitskjelde for barn og unge

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser den siste barn og medium-undersøkinga frå Medietilsynet.

– Sosiale medium er viktig for barn og unge når det gjeld sosialisering og underhaldning. Men vi ser altså at også når det gjeld nyheitskonsum, er det sosiale medium dei unge brukar mest, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

60 prosent les nyheiter i sosiale medium

Barn og medium-undersøkinga 2018 viser at rundt 18-årsalder les cirka 60 prosent nyheiter i sosiale medium dagleg, mens tilsvarande tal for nettaviser er 40 prosent. Til samanlikning ser cirka 10 prosent av 17-18-åringer nyheiter på TV dagleg, og 7 prosent les papiravis dagleg.

Snapchat og Instagram er dei mest brukte sosiale media for 9- til 18-åringar, med Facebook på tredjeplass. Jamt over brukar fleire jenter enn gutar sosiale medium. Den største kjønnsforskjellen gjeld Instagram, som blir brukt av 72 prosent av jentene, mot 61 prosent av gutane.

Mindre tid på TV

Undersøkinga viser også at barn og unge brukar mindre tid på TV etter kvart som dei blir eldre, mens bruk av strøymetenester aukar. 57 prosent svarar at dei brukte strøymetenester i går, og halvparten såg på TV. YouTube blir mykje brukt av dei unge: 77 prosent svarte at dei var på YouTube i går, og dei unge brukar også meir tid der enn dei gjer på TV.

Barna vart også spurde om kva TV-program eller seriar dei ser mest på, og dei kunne svare éit til tre alternativ.

Totalt sett er «Riverdale» det mest populære programmet, og 11 prosent svarar at dette er eitt av programma dei ser mest på. Deretter følgjer «Modern family» (8 prosent), «Side om side» (7 prosent), «Farmen» (6 prosent) og «Stranger Things» (6 prosent).