Fadderveka 2024: Fadderleiar vil inkludere «outsiderar»

Den nyaste studentundersøkinga viser at halvparten av alle studentar tykte det var for mykje drikking under faddervekene. No inviterer faddersjefar til arrangement med fokus på mellom anna fysisk aktivitet, inkludering av barn og moglegheit til å sosialisere utan alkohol.

NPK – Ragnhild Marie Kjosbakken
Publisert

Den nyaste SHOT-undersøkinga (Studentenes helse- og trivselsundersøking) viste at over halvparten av alle studentar tykte det var for mykje alkohol under faddervekene.

Hannah Macfarlane og Henrikke Struck er faddersjefar for fadderveka 2024 i Ålesund og har teke SHOT-resultatet med i vurderinga når dei skulle planleggje velkomsten av dei nye studentane.

Allereie før fadderveka set i gang, skal det vere eit fadder-kick off i Ålesund. Her skal fadrane, politiet og Studentsamskipnaden i Trondheim, Ålesund og Gjøvik (Sit) samlast for å ha ei forventningsavklaring.

Det vil mellom anna bli lagt vekt på at ein som fadder ikkje skal ta initiativ til drikkeleikar og vise ekstra omsyn til dei som ikkje ønskjer å drikke.

– Vi vil prøve å gå bort frå fest- og alkoholfokuset og heller skape rom for vere sosiale og fysisk aktive, fortel Struck.

Symjekonkurransar og familiekino

– Vi skal ha alkoholfrie arrangement som ikkje berre er fest og fyll. Vi skal mellom anna ha ein dag på bybadet der det vil vere ulike konkurransar og vi skal ha alkoholfri filmkveld. I tillegg vil Samfunnet vere ope under heile fadderveka. Der kan dei som ikkje vil vere med på fest, ha ein «casual» møteplass der dei kan bli kjent med andre, seier Macfarlane.

Også i Stavanger, der fadderveka går under namnet Fadderfestivalen, er det stort fokus på å at ikkje alt skal handle om alkohol.

Faddersjef Leiv Kåre Larsen fortel at det mellom anna skal vere eit alkoholfritt utandørsarrangement med grilling der det blir oppmoda til å ta med barn. I tillegg skal det vere spelekveld, surfing og moglegheitsmesse under fadderfestivalen.

– Det skal òg vere ei såkalla «chillout zone» under konsertane der folk skal ha moglegheit til å trekkje seg unna i omgivnader utan alkohol, fortel Larsen.

Sjølv kallar Larsen seg ein «outsider» når det gjeld studiekvardagen. Han er nemleg bikka 40 og har familie og hus. Nettopp dette har forma han som faddersjef ved at han ikkje berre er oppteken av å inkludere dei som ikkje drikk, men òg andre grupper.

Leiv Kåre Larsen er leiar for Fadderfestivalen i Stavanger. | Foto: Privat

Studentar i alle aldrar

Då Larsen byrja å studere i 2018 følte han at fadderveka ikkje var noko for «slike som han» og grunna alderen sin valte han å ikkje bli med.

Det skulle gå lang tid før Larsen fekk ein sosial omgangskrets på studiet og den fyrste tida var han på randa til å dette av studiet. Men tredje semester kom han i kontakt med nokre medstudentar han starta å jobbe saman med. Frå då gjekk det mykje betre.

Då Larsen starta på master etter enda bachelor i 2021 valde han å delta på fadderveka.

– Det som tok meg eitt og eit halvt år på bacheloren, tok meg ein og ein halv time under fadderfestivalen i 2021. På ei lita stund blei eg kjend med dei eg skulle studere saman med.

Derfor ønskjer Larsen å få med også dei som i utgangspunktet kjenner på at fadderveka ikkje er for dei. Han har booka artistar som berre syng engelsk for å inkludere internasjonale studentar. Under festivalen blir det arrangert ein tur til Preikestolen, som Larsen trur mange internasjonale studentar, og dessutan eldre studentar vil vere med på.

Det vil òg bli arrangert gratiskino med Grusomme meg 4, som Larsen håpar kan passe for dei fleste. Også godt vaksne og folk som ønskjer å ha med born.

– Eg kan med handa på hjartet seie at eg hadde falle av mastergraden veldig fort om eg ikkje hadde vore med på Fadderfestivalen.

– Alle gruar seg

Faddersjef Struck i Ålesund meiner også det er viktig at nye studentar deltek på fadderveka for å bli kjende med andre, då ho trur ein lærer betre om ein les og øver saman.

– Det er lurt å delta på fadderveka for å «kickstarte» studietida og kunne få gode tips frå folk som er studentar frå før og har erfaringar dei kan dele, påpeiker medfaddersjef Macfarlane.

Om ein som ny student er spent og gruar seg, meiner dei to faddersjefane i Ålesund at ein må tenkje på at alle andre kjenner på det same.

– Vi skal ta imot 1300 nye studentar, og eg er sikker på at nesten alle kjenner på ei spenning til den komande tida. Men om ein berre hoppar ut i det og deltek på fyrste dag, kjem ein til å sjå at det ikkje er så skummelt, rår Macfarlane.

– Det er ikkje slik at ein må vere med på alt. Ein har lov til å ta seg ein dag pause, om ikkje kan ein bli veldig sliten. Ein er jo gjerne i ein ny by, skal bli kjent med nye folk og får stadig nye inntrykk, legg Struck til.

Faddersjefen i Stavanger understrekar også at ein ikkje treng å vere med på alt som skjer, men velje det ein sjølv tenkjer høyrest artig ut.

– Men eg rår alle studentar til å delta med openheit. Ver medviten om at desse menneska skal du faktisk jobbe med i fleire år fram i tid. Du risikerer å tape så mykje på å ikkje delta. Om ein ikkje har det artig på eitt arrangement går det heilt fint, men da har du i alle fall prøvd, avsluttar Larsen.