Mindreårige fekk kjøpe alkohol på eitt av fire forsøk

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gjennom det siste året har Juvente-kampanjen Skjenkekontrollen forsøkt å kjøpa alkohol i 972 butikkar over heile landet. I 26 prosent av butikkane kunne den mindreårige kontrolløren forlata butikken med alkohol.

– Kontrollane våre viser at ein ikkje klarer å overhalda det systemet som burde vore enklast å kontrollera, nemleg det salet som skjer gjennom lovlege kanalar. Å spørja om legitimasjon høyrest lett ut, men det blir likevel gjort for sjeldan, seier Øyvind Kind Robertsen, leiar i ungdomsorganisasjonen Juvente som jobbar mot drikkepresset i samfunnet.

LES OGSÅ: Vi har eit større problem med alkohol enn vi vil innrømme

– Treng nye tiltak

I 2016 var det 30 prosent av butikkane som selde alkohol til mindreårige.

– Når ein ikkje klarer å ha kontroll på dette salet, viser det at det er behov for nye tiltak som forhindrar tilgjenge for mindreårige, seier Juvente-leiaren.

Kommunalt ansvar

Det er eit kommunalt ansvar å tildela og kontrollera sals- og skjenkeløyve – og å straffa brot på desse. Likevel blir det sjeldan avdekt sal av alkohol av dei kommunale kontrollane, trass i at det skjer i stort omfang. Det meiner Juvente-leiaren handlar om fokus, haldningar og at vurderinga er basert på skjønn.

– Av og til «avslører» butikkane kontrollane våre og tipsar andre butikkar i området. Det resulterer i at talet på sal stuper, og beviser at det i stor grad handlar om at fokuset må vera til stades for at problemet skal takast på stort nok alvor.

LES OGSÅ: Ny rapport: Færre ungdommar røyker og drikk

Ønskjer legitimasjonsplikt for alle

Øyvind Kind Robertsen meiner ein må innføra legitimasjonsplikt for alle uavhengig av alder.

– Så lenge systemet er skjønnsbasert, vil det skje glipper. Dette handlar om at alle må vera villig til å ta ein for laget for å hindra alkoholsal til mindreårige.

Les òg intervjuet vårt med Øyvind Kind Robertsen då han blei Juvente-leiar!

Slik skjer kontrollane

  • Ein mindreårig går inn i butikken og tar med seg alkoholholdig drikke og ein annan daglegvare, for så å stilla seg i kø for å betala i kassa.
  • Ungdomane gjer ingen forsøk på å stå fram eldre enn dei er, og det ikkje brukt falsk legitimasjon eller andre aldersmarkørar.
  • Viss kontrollørane blir spurt om legitimasjon, svarar dei «Nei, det har eg ikkje, kan eg få kjøpa likevel?». Får dei eit ja, betaler dei for varene og forsøket blir registrert som sal. Får dei ikkje kjøpt, forlèt dei butikken og forsøket blir registrert som ikkje-sal.