Fleire alkoholfrie alternativ gjer det lettare å vere ung og rusfri

Salet av alkoholfrie drikkevarer har gått kraftig opp dei siste åra og held fram med å auke i år. Den rusførebyggjande ungdomsorganisasjonen Juvente er glade for utviklinga.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Salet av alkoholfri drikke hos Vinmonopolet har auka med 20 prosent til no i år samanlikna med same tid i fjor. Også butikkar rapporterer om aukande sal av alkoholfrie alternativ, skriv NRK.

Alkoholfri drikke har vore i vinden i fleire år og salet har auka jamt og trutt i lang tid. Tal frå Ungdata og Folkehelseinstituttet viser at alkoholbruken blant unge har gått jamt nedover sidan 80-talet.

– Vi synest denne utviklinga er veldig bra, seier styreleiar André Thomassen Haugen i den rusførebyggjande ungdomsorganisasjonen Juvente til Nynorsk pressekontor.

Rusfri russetid

Han fortel at dei i har opplevd auka interesse for prosjektet sitt Edruss der ein oppmodar russ til å velje ei rusfri russefeiring.

– Fleire unge ønskjer eit alternativ til den harde drikkekulturen som har vore vanleg i russetida, seier han.

Haugen trur det er fleire grunnar til at fleire unge droppar alkoholen.

– Mange opplever nok, som meg, at dei kan ha det like morosamt utan alkohol. Dessutan er det no langt fleire alkoholfrie drikkealternativ å velje mellom enn berre for få år sidan.

Trenden held fram

Salstala for alkoholfri drikke har gått opp i fleire år, og i fjor blei det eit rekordår for dei alkoholfrie variantane hos Vinmonopolet. No går det altså mot endå eit rekordår.

– Eg tenker at alkoholfritt berre kjem til å halde fram å auke. Det blir veldig spennande å sjå kor stor den kategorien kan bli, seier administrerande direktør i Vinmonopolet, Elisabeth Hunter, til NRK.