Framtida
Publisert
Oppdatert 28.12.2018 15:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg identifiserer meg sjølv som ikkje-binær. Kjønn er eit spektrum, og eg er nærmare den maskuline sida, seier Jay Warden (23).

Han kjem opphaveleg frå Nord-Russland, men har det siste året vore på utveksling i Noreg; først ved Nord Universitet og deretter ved Universitetet i Bergen. Av omsyn til Jay sin tryggleik i heimlandet, bruker Framtida.no ikkje det faktiske etternamnet hans.

– Eg held på med ein bachelorgrad. Eg vil bli engelsk- og tysklærar, fortel Jay.

Som ikkje-binær transperson i Russland byr kvardagen ofte på utfordringar knytt til kjønn.

– Eg var i praksis på ein skule. Der feilkjønna dei meg og brukte det gamle namnet mitt.

Jay seier at han òg bruker kvinnelege pronomen når han er i praksis på skular i Russland. Grunnen er ganske enkel:

– Transfolk har ikkje lov til å jobba med barn, fordi det blir sett på som ein psykisk sjukdom. Du får ikkje jobb på ein skule viss du er trans, seier han.

Les også: Noreg krev etterforsking av Russland

Skeiv aktivisme

Jay med transflagget under Stordapride. Foto: Privat

– Som aktivist bruker eg for det meste Instagram. Der prøver eg å kasta lys over livet mitt som ikkje- binær i Russland. Det heng saman med psykisk helse, og korleis det er å ikkje vera «normal» i eit land der det er forventa at du er normal, seier han vidare.

Heime i Russland bur Jay i ein by på storleik med Bergen. Der er det vanskeleg å driva med skeiv aktivisme, ettersom det er mange som ikkje tør å vera opne om identiteten sin.

Han engasjerer seg likevel i ein lokal skeiv organisasjon, som ligg under ein større paraplyorganisasjon på nasjonalt plan.

– Vi prøver å organisera skeive arrangement i byen vår, men det er utfordrande. Det er ei lov som seier at du ikkje kan snakka om skeive ting til mindreårige, fortel Jay.

I 2013 kom nemleg ei lov kritikarar karakteriserer som ei antihomolov. Ifølge lova kan ein ikkje distribuera «propaganda rundt ikkje-tradisjonelle seksuelle forhold» til mindreårige. I praksis inneber dette at ein ikkje kan snakka positivt om skeive identitetar framfor folk under 18 år.

Utrygt i heimlandet

– Føler du deg utrygg i Russland?

– Ja, eg synest det er meir utrygt enn trygt. Eg har mine trygge bobler, vennane mine og folk som veit om identiteten min. Det skeive miljøet er der eg føler meg trygg. Alle dei plassane der folk kan feilkjønna meg gjer derimot at eg føler meg utrygg, seier Jay.

Han legg til at folk har forventingar om kjønnet hans. Dei les han ofte som mann, men når dei finn ut at han ikkje blei tildelt kjønnet mann ved fødsel kan dei reagera aggressivt. Dette opplever han blant anna når han bruker offentlege toalett.

– Når sånt skjer prøver eg å roa dei ned. Det funkar som oftast. Det verkar som om eg har eit talent for å roa folk ned, ler den unge aktivisten.

Store kontrastar

Jay under Stordapride: Foto: Privat

– Korleis er det i Noreg i forhold til i Russland?

– Dokker har unisextoalett! Det er så enkelt, men det får meg til å føla meg tryggare. Og så spør folk om pronomen. Det har berre skjedd ein gong i Russland, og då var det ein skeiv person som spurde. I Noreg spør både vanlege studentar og utvekslingsstudentar, seier Jay.

Han held fram:

– Namnet eg fekk då eg blei fødd står i alle papira mine, men alle professorane bruker det namnet eg føretrekker. Det er veldig fint. Den største kontrasten er følelsen av tryggleik eg har her.

Trur det vil bli betre

– Korleis er situasjonen for skeive i Russland no?

– Det er eit enormt land, og eg kan eigentleg berre snakka for nordvest-delen. Eg tenker skeive folk i Russland finst. Det er mange av dei, og dei har ikkje lov til å heva stemma. Dette skaper eit stort skilje slik at folk flest ikkje veit noko om skeive, og skeive folk må gøyma seg, svarer Jay.

I dei store byane er det litt annleis. Ifølge Jay prøver folk å vera meir opne der. I landsbyane er situasjonen noko annleis. Folk trur ikkje at det finst skeive på landsbygda. Sjølv kunne Jay tenkt seg å flytta til eit anna land for å føla seg tryggare.

– Har du ein beskjed til skeive som har det vanskeleg, for eksempel i Russland? 

– Det blir betre. Eg trur genuint at ting er iferd med å bli betre, sjølv i Russland. Det er mange fantastiske folk som gjer mykje for å spreia kunnskap om skeiv tematikk, avsluttar han smilande.

Les også: Tara (16) i spissen for fleire tusen på Storapride