Då eg var 20: Christer Knutsen drøymde om å bli musikar, men tenkte det var urealistisk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Musikar Christer Knutsen har gjort suksess med bandet Tumbleweed og gitt ut tre soloalbum. I tillegg har han spelt med mellom andre Thomas Dybdahl, Geir Zahl og Sivert Høyem.

I 2017 starta han konseptet Soup & Bread Oslo, der kjente musikarar speler til inntekt for saker og organisasjonar som engasjerer dei. I løpet av dei to åra har dei samla inn nesten éin million kroner på suppe og sang.

Kor var du då du var 20?

Då eg var 20 år budde eg på Randaberg utanfor Stavanger.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Eg studerte pedagogikk på Høgskulen. Eg var nok ikkje verdas flittigaste student, men gjekk på dei førelesningane eg måtte og brukte resten av tida på å spele i band.

Hugsar du kva som skjedde?

Eg spelte i eit par forskjellige husband/coverband i Stavanger på den tida, og hadde fleire faste konserter i veka. Eg skjønar jo i ettertid at det var ei viktigare, eller i alle fall meir relevant, utdanning enn den eg fikk på Høgskulen.

All tid me ikkje spelte konsertar så høyrde me på musikk og snakka om musikk og øvde og nerda. Det var altomfattande. Tanken på å kunne bli voksen som musikar var litt far-fetched, så den formelle utdanninga var den klassiske «noko å falla tilbake på».

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Alt eg kunne få tak i av musikk. Det var ei utruleg kul tid kor me begynte å finna fram til meir hemmelege og mindre kanoniserte band og artistar fra 60- og 70-talet. Eg brukte veldig mykje tid på Leon Russell og Little Feat på akkurat denne tida og studerte måten dei brukte piano på. Det er den dag i dag mine største innverknadar og eg lånar frå dei dagleg.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Nix.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Eg hadde ein fantastisk kul bil. Ein 1976 VW buss. Du veit, sånn Hippie brakke/Surfe-dude-buss med original campinginnreiing. Vi pleidde dra ut til Jærstrendene med litt øl, brenne bål og campe over natta. High school-film klisjé, men akkurat så fint som på kino.

Ein slik bil køyrde 20 år gamle Christer Knutsen rundt i. Foto: Nick Baker/Unsplash

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg visste godt kva eg ville, men såg på det som totalt urealistisk. Eg veit uhyre godt kor heldig eg er.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg tenkte nok at eg hadde eit par år med gøy igjen, og at då skulle livet byrja. Lite visste eg at det skulle vere fett å vere vaksen òg.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

At han der har det litt travelt. Slapp av litt då!

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Same råd som mormor alltid ga meg: «Det vil helst gå godt.»

Sigrid Bonde Tusvik takka nei til Hotel Cæsar, Øystein Bache fekk sitt første møte med krig og Tegnehanne levde eit dobbeltliv. Les om fleire interessante 20-åringar her!