Har samla inn nesten éin million med suppe og song

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein veldig trang i oss alle – musikarar eller ei – til å hjelpa om me kan, trur musikar Christer Knutsen.

For to år sidan starta han konseptet Soup & Bread Oslo, som har samla tusenvis av publikummarar og hundretusenvis av kroner til gode føremål.

Musikar og velgjerar Christer Knutsen kjenner seg heime i bakgården til Kulturhuset, som husar Soup & Bread Oslo. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Ein søndag i månaden arrangerer Christer Knutsen og Kulturhuset i Oslo ein konsert med suppe til inntekt for den saka artisten sjølv vil støtta.

Når Darling West skal spela på neste Soup & Bread i slutten av månaden forventar Knutsen at dei har samla inn over éin million kroner.

– Om ikkje artisten gjer det sjølv, så går me aldri ut med summen som er samla inn. For eg har ikkje lyst at det skal vere fokuset, seier Knutsen.

Les også om Hilde Selvikvåg, som sel heimelaga «song-scrunchies» til inntekt for demensråka.

I Chicago handlar Soup & Bread-konseptet om at ulike kokkar lagar suppe som vert selt til inntekt for eit lokalt suppekjøkken. I Oslo stiller Kulturhuset med suppe, medan ulike artistar speler. Foto: Jan Khür/Kulturhuset

Importert frå Chicago

– Eg trur det gjer noko med folk å dela eit måltid. Eg trur det gjer noko med måten me er saman på og er med å setja den fine stemninga som er der kvar gong. Det er alltid utruleg stille og enormt lyttande, seier Knutsen.

Omslag: Soupandbread.net

Inspirasjonen fekk 43-åringen i 2014 då han spelte med nokre amerikanske musikarar på The Hideout i Chicago, som har det originale Soup & Bread-konseptet. Det heile vart starta av journalisten Martha Bayne, som tok initiativ til å invitera kjente kokkar og matentusiastar til å lage sine signatursupper til inntekt for eit suppekjøkken som er rett ved The Hideout.

I 2011 gav Bayne ut kokeboka Soup & Bread Cookbook: Building Community One Pot at a Time, som òg inneheld ei oppskrift på korleis arrangere din eigen Soup & Bread.

– Av og til inviterer dei ein kulturpersonlegdom – ein musikar eller poet til å laga suppa – og då har dei gjerne ein liten konsert eller les nokre dikt. Då tenkte eg at eg kjenner ikkje nokre kokkar, men eg kjenner masse musikarar, forklarar Knutsen.

Med seg på laget fekk han Runar Eggesvik i Trøbbelskytter, som står bak fleire utestadkonsept i Oslo. Han er innhaldsansvarleg for Kulturhuset i Oslo og då den populære utestaden flytta frå Youngstorget til nye lokale i Youngs gate 6 vart det nye konseptet Soup & Bread Oslo fødd.

Christer Knutsen rosar Eggesvik og Madrugada-bassist Frode Jacobsen, som driv Kulturhuset, for at dei har stilt til rådigheit alt av fasilitetar, mannskap og suppe. I tillegg husar hotellkjeda Clarion alle artistane gratis.

Då Stein Torleif Bjella spelte i februar leste han òg frå Jordsjukantologien: – Usympatiske folk har òg kjensleliv, sa musikaren då han lanserte si diktsamlinga i 2017

Musikar og poet Stein Torleif Bjella samla inn pengar til flyktningleiren PIKPA på Lesvos der han har ein ven som jobbar. Foto: Jan Khür/Kulturhuset

Daniel Kvammen opna showet

Dei tre første artistane var Daniel Kvammen, Ingrid Olava og Odd Nordstoga.

– Eg var veldig nøgd med å få til det. Det at dei stilte opp har gjort det lettare når eg skal spørja andre folk, fortel Knutsen.

Søndag 2. april 2017 spelte Daniel Kvammen tidenes første Soup & Bread-konsert i Oslo. Sidan den gong har konseptet vorte stadig meir populært blant både artistar og publikum.

Les også: Daniel Kvammen går 186 kilometer for å spele på seks hytter i fjellheimen

Det plar samla seg ein lang kø før billettsalet startar klokka 15.30. Foto: Jan Khür/Kulturhuset

Publikum kan betala så mykje dei vil, men vert oppmoda til å leggje att minimum 150 kroner. Det meiner Knutsen er «skammeleg lågt» for ein konsert med Ane Brun og suppe.

– Det er billig, men det er viktig at det skal vere låg terskel, forklarar Knutsen.

Målet er at tilbodet skal vere så tilgjengeleg at du kan ta med barnefamilien, at ungdommar med dårleg råd skal få moglegheita og at dei som elles ikkje hadde hatt råd kan bli med og føla at dei bidreg.

– Så plar eg å appellera til at dei som står og veit at dei kunne betalt meir kan føla seg fri til å vippsa ein gong til, smilar Knutsen og legg til at han appellerer litt til det dårlege samvitet på tampen.

Christer Knutsen har brukt kontaktnettet sitt i musikkbransjen. Her takkar han kamerat Stein Torleif Bjella for innsatsen. Foto: Jan Khür/Kulturhuset

Rosar Kirkens bymisjon

Musikarane vel sjølv kva dei vil donera pengane til og Knutsen rosar bidragsytarane for god fantasi, som har ført til at pengane er spreidd utover på mange organisasjonar.

– Ein del av dei gir til føremål som har betydd mykje for dei personleg, anten det er heilt personleg eller nokon i familien som har trengt hjelp frå desse organisasjonane, fortel han.

Han har framleis til gode å spela sjølv, men veit allereie kva han kunne tenkja seg å donera pengar til.

– Det måtte hatt med ungdom og rus å gjere. Eg er veldig glad i Kirkens bymisjon sitt arbeid der og dei er nokon av dei som har gått litt igjen.

Og som ein bonus heilt på tampen kan konseptet by på  nynorsk i promoteringsarbeidet. Her er nokre memes henta frå Facebook-sida til Soup & Bread Oslo:

– Eg skriv eigentleg ikkje nynorsk sjølv, men eg synest det er så utruleg mykje finare. Så synest eg det er mykje kulare at David Bowie snakkar på nynorsk, enn bokmål, seier Christer Knutsen, som står for denne kreative promoteringa.