Då eg var tjue: Hanne Sigbjørnsen følte ho levde eit dobbeltliv

Framtida
Publisert
Oppdatert 29.01.2019 09:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kor var du då du var 20?

Det var 2010 og eg hadde akkurat flytta til Oslo.

Foto: Hanne Sigbjørnsen

Korleis var kvardagen/kva gjorde du? (jobb/utdanning)

Eg gjekk første året på sjukepleiarstudiet og leverte litt teikneseriestriper til lokalavisa heime på si.

Eg budde på eit lite rom i leiligheita til ei ung jente som hadde fått leilighet av far sin. Me kom ikkje godt overeins, og eg sleit litt med å få meg vener på studiet, så eg pleidde berre ligge i senga mi og sjå på seriar heile ettermiddagane etter forelesing, medan ho satt ute i stova og røyka.

Hugsar du kva som skjedde?

Eg hugsar året svært godt, fordi det var ein så stor omvelting i livet mitt. Eg flytta fra heimstaden, slo opp med kjærasten etter 3 år og starta bloggen som nå er karriera mi.

Kva las du, såg du på eller lytta du til?

Eg las faglitteratur, såg på seriar om sjukehuskvardagen (House og Grey’s Anatomy) og lytta til sangar om å være ulykkeleg forelska (i ein gut frå studiet).

Hugsar du 20-årsdagen din?

Nei. Men eg låg sikkert på rommet mitt og såg på seriar, eller var heime på Kverneland og fekk servert taco av mor.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Den store kontrasten mellom kor kjipt eg hadde det i verkelegheita, og kor bra ting gjekk på internett, med bloggen min. Det var som at eg levde to liv samstundes.

Det var som at eg levde to liv samstundes.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg skulle bli sjukepleiar.

Les også om sjukepleiar-spelet Hanne Sigbjørnsen har illustrert! 

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg hugsar godt at eg tenkte at eg måtte nyte livet nå, mens eg framleis var ung. Og at eg følte eit press om å ha livet “på stell” innan kort tid.

Eg følte eit press om å ha livet “på stell” innan kort tid

Eg såg på nokon av mine medstudentar som var i slutten av 20-åra eller starten av 30-åra, og tenkte på kva som hadde gått gale i liva deira som gjorde at dei framleis studerte når dei var så gamle. No som 28-åring skjønnar eg ikkje heilt kor denne idéen kom fra.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Ho der prøvar for hardt, og veit ikkje kven ho er.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

1. Du veit ikkje halvparten så mykje som du trur du veit.

2. Slapp av, det ordnar seg.

Les også: Tegnehanne: Tragikomikk er lett når ein har det kjipt