Forskarar trur på eksplosiv vekst i tareoppdrett

I 2050 kan tareoppdrett langs Norskekysten til saman utgjere eit område på storleik med heile Hardangervidda, meiner Norsk institutt for vassforsking (Niva).

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 23.04.2019 09:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om ein forstår økosystemet, går det an å hauste mykje utan å gjere skade på det. Då er det mogleg å drive tareindustrien både på ein økologisk og økonomisk berekraftig måte, seier marinbiolog Kasper Hancke ved Niva i ei pressemelding.

Kaldt og næringsrikt vatn gjer norskekysten godt eigna for taredyrking. I 2017 blei det produsert 145 tonn tare i dyrkingsanlegg i Noreg. Det har inga stor innverknad på miljøet, men om næringa veks kraftig framover, må forvalting vera klar for det, meiner marinbiologen.

Les også: Forskarar fôrar kyr med tang for å kutte klima-rap

20 millionar tonn i 2050

– Allereie i 2050 er produksjonen venta å komma opp i 20 millionar tonn. Då må me forstå korleis taren påverkar kystmiljøet, seier Hancke og viser til at det blir forska vidare på samspelet mellom taren og resten av økosystemet.

Tare kan blant anna motverka klimaendringar og havforsuring ved å ta opp CO2. I tillegg kan dyrka tare fungera som leveområde for fisk og andre viktige dyr langs kysten der den naturlege tareskogen er forsvunnen.

Prosjektet «Kom til Tare» er eit samarbeid mellom Niva, Herøy kommune, Runde miljøsenter og næringsaktørane Tango Seaweed og Arctic Seaweed. Målet er å hjelpa selskap å starta tareoppdrett og på same tid bidra med kunnskap om positive og negative miljøeffektar på økosystemet, opplyser Niva.

Les også: Her blir fiskebæsj til grønsaker, utan utslepp

Erling Stubhaug, stasjonsleiar og forskar på forskingsintituttet NIBIO Landvik har trua på akvaponi. Foto: Ida Johanne Aadland