Forskarar fôrar kyr med tang for å kutte klima-rap

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vart ekstremt overraska då eg så resultatet, seier forskar Ermias Kebreab ved University of California.

Han leidde tidlegare i år ein studie der mjølkekyr fekk små mengder tang og tare blanda inn i fôret. Metanutsleppa fall med over 30 prosent med den nye dietten.

På verdsbasis bidrar utslepp av metangass kraftig til den globale oppvarminga. Kyr og andre husdyr slepp ut store mengder metan når dei rapar – og også ein del når dei prompar.

Les også: Tidlegare slått kan gjera landbruket meir klimavennleg

Forskinga kviler ikkje

Tidlegare har forskarar i Australia gjort laboratorietestar som tyder på at metanutslepp frå kyr kan kuttast med heile 99 prosent dersom ein bestemt type tare blir tilsett fôret.

Kebreab og kollegaene i California planlegg ein ny studie som skal begynne i haust og gå over seks månader.

Også ei rekkje andre tilsetningar er blitt prøvd for å kutte metanutslepp frå kyr. Forskarar har fôra dyra med kvitløk, oregano, kanel og karri – med varierande resultat.

Les også: Mat for framtida? Sirissar!