Vil gi strengare straff for miljøkriminalitet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei aktuelle miljølovene som det er ønskt auka straff for er forureiningslova, naturmangfaldlova, svalbardmiljølova og produktkontrollova, skriv Klima- og miljødepartementet.

Miljøkriminalitet omfattar brot på ulike lover som skal verne natur og miljø. Desse lovene regulerer mellom anna forureining frå industri, avfallshandtering, produksjon og omsetning av produkt og bruk og vern av naturen på fastlandet og på Svalbard.

– Miljøkriminalitet er ein trussel både mot menneske og miljøet rundt oss. Vi aukar strafferamma i viktige miljølover og innfører moglegheit for bruk av gebyr. Dette vil styrke handhevinga av regelverket. Vi gjer det for å redusere risikoen for skadar på natur, miljø og helse, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Miljø skal som hovudregel vektast minst 30 prosent i offentlege anbod. Berre éin av fem kommunar set dette kravet, viser ei undersøking gjort av Framtida.no.

Kan svi for lommeboka

I tillegg til auka straff i dei meste alvorlege sakene, ønsker regjeringa òg å innføre moglegheita til å ta i bruk gebyr, i både forureiningslova og produktkontrollova. Det betyr at ein person eller eit føretak blir pålagt å betale eit pengebeløp til det offentlege som følgje av lovbrot.

Alminneleg strafferamme i forureiningslova og produktkontrollova blir foreslått heva frå 3 månader til 1 år.

Den auka strafferamma i forureiningslova blir foreslått heva frå 2 til 3 år, og strafferamma for grove brot på naturmangfaldlova og svalbardmiljølova blir foreslått heva frå 3 år til 5 år.

Les også om då klima- og miljøminister Ola Elvestuen mottok krava frå elevane som streika for klima: – Eg kan ikkje love at det ikkje kjem meir leiting etter olje i Noreg.

KlFoto: Bente Kjøllesdal