Kripos med varsku om valdtekter før russetida

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kripos har gjort ein gjennomgang av valdtektsmeldingar der enten fornærma eller den melde var russ, eller hendingar som har skjedd under russararrangement, melder VG. I fjor vart det meldt 13 slike valdtekter, mot 16, 14 og 11 i åra 2015–2017.

– Vi ser at talet på meldingar er stabilt, men det gir ikkje nødvendigvis det totale bildet. Vi veit at festrelaterte valdtekter utgjer den største delen av valdtekter generelt, og det er generelt mykje fest i russetida, så her er det openbert mørketal, seier politioverbetjent Emil Kofoed i Kripos. Han oppfordrar folk til å passe på kvarandre.

Les også: Kripos-kampanje skal hindra ulovleg spreiing av nakenbilete

Dokumenterer valdtektene

– Dei siste to åra har vi sett at valdtekter skal ha vorte dokumentert på film. Det er nytt, seier Kofoed.

Det er ikkje noko spesielt mønster som går igjen for sakene, utover at dei fornærma i over halvparten av dei melde sakene var kraftig påverka eller medvitslause som følgje av eige alkoholinntak.

Av dei melde valdtektene skal tre ha skjedd på landstreffa for russ i Stavanger, Halden og Bø, og gjerningspersonen var ukjent for fornærma i dei sakene. Elles fann overgrepa stad i private heimar, i campingvogn, på overnattingsstad, i russebuss eller utandørs.

Les også om feministrussane som vil hindre seksuell trakassering og overgrep i russetida: – Me bur i Noreg som me tenkjer er eit likestilt og trygt land, men så kjem russetida og det verkar som om nokre tenkjer at lovene ikkje gjeld dei.

Paula Lorentzen (18) er feministruss. Kampanjen har også laga eigne russeknutar og spelelister til russetida. Foto: Privat